Harran
Utsjånad
Harran er ei bygd i Grong kommune i Nord-Trøndelag fylke. Staden ligg i Namdalen, kring 15 km nordom tettstaden Grong.
Her ligg Harran stasjon på Nordlandsbanen, og Harran kyrkje.
Tidlegare kommune
[endre | endre wikiteksten]Harran var tidlegare ein sjølvstendig kommune i Nord-Trøndelag. Området var eigen kommune i vel 40 år.
Harran kommune vart oppretta då dåverande Grong kommune vart deld i fire 1. Januar 1923 (Grong, Harran, Namsskogan og Røyrvik). Ved opprettinga hadde Harran 630 innbyggjarar.
1. januar 1964 vart Harran slegen saman att med Grong. Ved samanslåinga budde det 1085 personar i kommunen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Kart over gamle kommunegrenser i Trøndelag på Arkivverket sin nettstad Digitalarkivet.no Arkivert 2007-10-30 ved Wayback Machine.
- «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Harran» frå Wikipedia på bokmål, den 16. september 2008.