INF-avtalen
INF-avtalen (Intermediate-Range Nuclear Force Treaty) var ein nedrustingsavtale mellom USA og Sovjetunionen underskriven den 8. desember 1987 av Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov.[1]
Avtalen gjekk ut på å eliminere alle landbaserte missil med rekkevidde meir enn 500 kilometer - opptil 1000 kilometer (korthaldsmissil), og med rekkevidde mellom 1000 og 5000 kilometer (kalla mellomdistansemissil).
Avtalen hadde òg følgjande klausular:
- Overvaking av atomeksplosjonar.
- Lovnader om nedskjeringar av strategiske våpen.
INF-avtalen vart i 1991 følgd av den fyrste START-avtalen (Strategic Arms Reduction Treaty), òg kalla START I, der mengda langtrekkande atomvåpen vart vidare redusert.
Presidenten i USA, Donald Trump, annonserte 20. oktober 2018 at han ville trekkja seg frå avtalen, og skulda Russland for ikkje å ha følgd han.[2][3] USA oppheva så avtalen den 1. februar 2019,[4] og Russland svara med å gjera det same dagen etter.[5] USA trekte seg formelt frå avtalen 2. august 2019.[6] 4. september 2019 sa den russiske presidenten Vladimir Putin at Russland kom til å laga nye missil men ikkje setja dei i bruk om ikkje USA gjorde det først.[7]
Avvikling og destruering av våpen under avtalen
[endre | endre wikiteksten]Av dei våpena som vart avgjort destruerte ved avtalen, var RT-21M (NATO-nemning SS-20) og dei amerikanske missila BGM-109 Tomahawk og Pershing II frå landbaserte avfyringsrampar.
I mai 1991 var 2692 missil øydelagde, og 10 år med inspeksjonar og verifisering om at avtalen vart etterlevd, vart gjorde i dei neste 10 åra.
Missilsystem som vart avvikla:
Skuldingar om brot på avtalen
[endre | endre wikiteksten]Begge land har skulda kvarandre for brot på avtalen. USA skulda Russland for å bryta avtalen med SSC-8, som byrja testing frå 2008.[8] Desse skuldingane vart tekne opp att i 2014[9][10] og 2017.[8]
Russland skulda USA for brot på avtalen med avgjerda om utplassering av Tomahawk missil i Polen og Romania i samband med det såkalla «rakettskjoldet», [11][12][13][14] og hevda at USA òg utvikla dronar som braut avtalen.[15]
Den 20. oktober sa president Donald Trump at USA kom til å trekka seg frå avtalen.[16][2][17][18]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Tvedt, Knut Are; Knudsen, Olav Fagelund; Lundbo, Sten (17. september 2018). «INF-avtalen». Store norske leksikon (på norsk).
- ↑ 2,0 2,1 «U.S. to Tell Russia It Is Leaving Landmark I.N.F. Treaty» (på engelsk). Henta 20. oktober 2018.
- ↑ Pengelly, Martin (20. oktober 2018). «Trump says US will withdraw from nuclear arms treaty with Russia». The Guardian. Henta 20. oktober 2018.
- ↑ «Pompeo announces suspension of nuclear arms treaty». CNN. Henta 1. februar 2019.
- ↑ «Russia suspends INF treaty in 'mirror response' to US – Putin». Russia Today. 2. februar 2019. Henta 2. februar 2019.
- ↑ «INF nuclear treaty: US pulls out of Cold War-era pact with Russia». BBC News. 2. august 2019. Henta 2. august 2019.
- ↑ «Putin says Russia will make new missiles, warns of arms race». Reuters (på engelsk). 5. september 2019. Henta 5. september 2019.
- ↑ 8,0 8,1 Gordon, Michael R. (14 February 2017). «Russia Deploys Missile, Violating Treaty and Challenging Trump». The New York Times. Henta 12. februar 2018.
- ↑ Marcus, Jonathan (30. januar 2014). «US briefs Nato on Russian 'nuclear treaty breach'». BBC News. Henta 31. januar 2014.
- ↑ Luhn, Alec; Borger, Julian (29. juli 2014). «Moscow may walk out of nuclear treaty after US accusations of breach». The Guardian. Henta 29. juli 2014.
- ↑ ERÄSTÖ, TYTTI. «Leave nuclear Tomahawks where they belong — in the ‘80s». Thehill. Thehill.
- ↑ Kennedy, Kristian. «Destabilizing Missile Politics Return to Europe, Part II: For Russia, Pershing II Redux?». NAOC.
- ↑ Gotev, Georgi. «Moscow: US comments on possible destruction of Russian warheads are dangerous». euractiv. euractiv.
- ↑ Kramer, Andrew E. «Russia Calls New U.S. Missile Defense System a ‘Direct Threat’». NYT. NYT.
- ↑ Adomanis, Mark (31. juli 2014). «Russian Nuclear Treaty Violation: The Basics». U.S. Naval Institute. Henta 31. juli 2014.
- ↑ Krantz, Andreas. «Trump sier han vil trekke USA fra nedrustningsavtale med Russland». NRK (på norsk bokmål).
- ↑ «President Trump to pull US from Russia missile treaty». BBC. 20 October 2018. Henta 20. oktober 2018.
- ↑ «Trump: U.S. to exit nuclear treaty, citing Russian violations». Reuters. Reuters.
- Denne artikkelen bygger på «INF-avtalen» frå Wikipedia på bokmål, den 16. april 2017.