Ingelin Killengreen
Ingelin Killengreen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. november 1947 (76 år) Bergen |
Yrke | jurist |
Far | Alfred G. Kvamme |
Ingelin Killengreen på Commons |
Ingelin Christine Killengreen (fødd 12. november 1947 i Bergen, fødd Kvamme) er ein norsk jurist og embetsmann. Ho har vore politimeister i Oslo norsk politidirektør og verka ved ulike departement, sist som spesialrådgjavar i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Ingelin Killengreen er dotter av høgsterettsadvokat enAlfred Georg Kvamme og vart gift med advokaten John Killengreen (1946–2009) i 1972.
Killengreen tok examen artium ved Bergen katedralskole i 1966. Ho tok deretter husmorskole i 1968 og vart utdanna cand.jur. ved Universitetet i Oslo i 1972. Ho gjekk gjennom sjefskurset ved Forsvarets høyskole i 1989.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Killengreen var ekspedisjonssjef (1988–1993) og departementsråd (1993-1994) i Justisdepartementet. Ho var politimeister i Oslo frå 1994 til 2000. Frå 2000 til 2011 var ho politidirektør.
I februar 2011 vart Killengreen utnemnd til departementsråd i Fornyings-, til administrasjons- og kyrkjedepartementet.[1] Frå 2013 til 2016 var ho direktør i Direktoratet for forvalting og IKT (Difi).
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1997: Utnemnd til storriddar av Den islandske falkeordenen[2]
- 2005: Utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden for embetstenesta si.[3]
- 2011: Då ho gjekk av som politidirektør vart Killengreen tildelt Politiets heiderskross.[4]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Killengreen ny departementsråd i FAD
- ↑ Falkaordan 1997, Forseti Íslands.
- ↑ Det kongelige hoff - årsberetning 2005, s39, kongehuset.no
- ↑ «Disse har fått Heiderskrossen til Politiet», Politiforum, 26. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Ingelin Killengreen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2019.