Isfahan-provinsen
Isfahan | |||
اصفهان | |||
Provins | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Region | Region 2 | ||
Fylke | 24 | ||
Hovudstad | Esfahan | ||
Areal | 107 029 km² | ||
Folketal | 5 120 850 (2016)[1] | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
- Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
Isfahan-provinsen 32°39′28″N 51°40′09″E / 32.6577°N 51.6692°E | |||
Kart som viser Isfahan-provinsen.
| |||
Wikimedia Commons: Isfahan Province |
Isfahan-provinsen (farsi استان اصفهان, Ostān-e Esfahan), òg skrive Esfahan, Espahan, Isfahan eller Isphahan, er ein av 31 provinsar i Iran. Han ligg sentralt i landet i Region 2.[2] Provinshovudstaden er Isfahan.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Isfahan-provinsen dekkjer eit område på kring 107 027 kvadratkilometer og ligg sentralt i Iran. I nord ligg Markazi, Qom og Semnan. I sør grensar provinsen til Fars og Kohkiluyeh og Buyer Ahmad. Aminabad er den sørlegaste byen i Isfahan, berre 2 km nord for grensa. I aust grensar han til provinsen Yazd. I vest grensar provinsen til Luristan og i sørvest til provinsen Chahar Mahal og Bakhtiyari.
Provinsen har følgjande fylke: Aran o Bidgol, Ardestan, Esfahan, Lanjan, Shahinshahr og Meymeh, Khomeini Shahr, Khansar, (Øvre) Semirom, Fereydan, Fereydunshahr, Falavarjan, Kashan, Golpayegan, Mobarakeh, Nain, Najaf Abad, Nedre Semirom (Dehaghan), Shahreza, Anarak og Natanz. I følgje ei folketeljing i 2006 hadde byen kring 4,5 millionar innbyggjarar, der 83,3 % budde i byar og 16,7 % på landsbygda. I 2011 hadde folketalet auka til nesten 4,9 millionar.[3]
Provinsen har eit moderat og tørt klima med temperaturar som varierer mellom kring 40 og 10 °C. Årsmiddeltemperaturen er 16,7 °C og årsmiddelnedbøren er 116,9 mm.
Med ei høgd på 4 040 meter over havet er Shahankuh den høgaste toppen i Isfahan-provinsen. Fjellet ligg kring 20 km sørvest for byen Fereydunshahr vest i Isfahan-provinsen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Isfahan Province» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mars 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «جمعیت به تفکیک تقسیمات کشوری» (på persisk). Henta 29. oktober 2023.
- ↑ «همشهری آنلاین-استانهای کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند (Provinces were divided into 5 regions)». Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014 (1 Tir 1393, Jalaali). Arkivert frå originalen den 23. juni 2014.
- ↑ Selected Findings of National Population and Housing Census 2011 Arkivert 2013-05-31 ved Wayback Machine.