Jared Diamond
Jared Diamond | |
Nasjonalitet | USA-amerikansk |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 10. september 1937 Boston |
Yrke | Professor i geografi ved UCLA, forfattar |
Språk | engelsk |
Tema | Evolusjonær biologi Naturvern Geografi Antropologi Ornitologi Lingvistikk |
Påverka | Fleire av bøkene hans vert brukt i historiestudium. Ein kjendt figur i akademia. |
Periode | 1972- |
Medlem av | National Academy of Sciences, American Academy of Arts and Sciences, American Philosophical Society, The Skeptics Society |
Religion | ateisme |
Far | Louis Diamond |
Jared Diamond på Commons |
Jared Mason Diamond (fødd 10. september 1937) er ein amerikansk evolusjonsbiolog, fysiolog, biogeograf, forelesar og forfattar av sakprosa. Diamond er tilsett som professor i geografi og fysiologi ved UCLA. Han er best kjent som forfattaren av boka Guns, Germs, and Steel (1998), som vann Pulitzerprisen og Phi Beta Kappa Award in Science. Han fekk National Medal of Science i 1999.
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Diamond var fødd i Boston og er av polsk-jødisk opphav. Faren var lege og mora var lærar, lingvist og musikar. Han gjekk på Roxbury Latin School, tok ein bachelorgrad frå Harvard College i 1958 og ein doktorgrad i fysiologi og membran biofysikk frå Universitetet i Cambridge i 1961. I perioden 1962-1966 kom han tilbake til Harvard som ein spesielt utvald forskar, kalla Junior Fellow. Han vart professor i fysiologi ved UCLA Medical School i 1966.
Diamon starta på ein annan, parallell karriere i økologi og evolusjon av nyguineanske fuglar, mens han var i tjueåra. Sidan den tid har han leia fleire turar for å utforske Ny-Guinea og øyer i nærleiken. I femtiåra sette Diamond gradvis i gang sin tredje karriere, no i miljøhistorie, og vart professor i geografi og miljømessig helsevitskap ved UCLA. Dette er den stillinga han no har.
Arbeid
[endre | endre wikiteksten]Diamond er forfattar av forskjellige populærvitskaplege arbeid som kombinerer antropologi, biologi, økologi, lingvistikk, genetikk og historie.
Det best kjende arbeidet er Guns, Germs, and Steel (1998) som vann pulitzerprisen. Den slår fast at dei største internasjonale problema i vår tid er arva ifrå prosessar som starta i tidleg moderne tid. Då sivilisasjonar med ei større utvikling enn andre starta å bryte seg inn på mindre teknologisk avanserte sivilisasjonar rundt i verda. Diamond har her sett seg føre å forklare korfor eurasiatiske sivilisasjonar overlevde og erobra andre, mens han søkte å vise at desse sivilisasjonane ikkje var betre på noko anna enn eit teknologisk og maktmessig plan. Diamond meiner gapet i makt og teknologi imellom menneskelege samfunn, kjem frå miljømessige forskjellar, forsterka igjennom 'positive feedback loops'. Intellektuelt, genetisk og moralsk er det for Diamond liten forskjell. Han identifiserer hovudprosessar og faktorar i utviklinga av sivilisasjonar i Eurasia, frå opphavet i Afrika til oppblomstringa av jordbruk og teknologi.
Den neste boka til Diamond var Collapse: How Societies Choose to Fail or Succeed (2005), der Diamond såg på ei rekkje av fortida sine sivilisasjonar og samfunn. Han forsøkte å identifisere korfor dei gjekk under og berre overlevde i sterkt redusert form. Han funderer på kva dagens samfunn kan lære ifrå desse kollapsane. Som i Guns, Germs, and Steel argumenterer han imot etnosentriske forklaringar for kollapsen han diskuterer, og fokuserer i staden på økologiske faktorar. Særleg vert dei norrøne busettingane på Grønland gjeve mykje rom. Her gjekk den norrøne kulturen vekk, mens inuittane overlevde og treivst.
Collapse har kapittel om mellom anna undergangen til Mayariket og Anasazi-sivilisasjonane på Påskeøya. Fleire faktorar som driv fram ein slik kollaps vert omtalte, mens ein hovudfaktor vert skilt ut; feilstyring av naturressursar. Dette vert følgd opp med kapittel om rike sivilisasjonar som styrte ressursgrunnlaget sitt godt, som Japan under Tokugawa-shogunatet og Tikopia.
Forskjellig
[endre | endre wikiteksten]- Diamond kan eitt dusin språk, lista her etter når han lærte dei: engelsk, latin, fransk, gresk, tysk, spansk, russisk, finsk, fore (eitt nyguineansk språk), tok pisin, indonesisk og italiensk.
- Diamond sine bøker går inn på felt so forskjellige som molekylærbiologi, lingvistikk, fysiologi og arkeologi, so vel som viten om design av skrivemaskiner og det føydale Japan. På grunn av denne vide ekspertisen og den store produksjonen av artiklar han har, har zoologen Mark Ridley spøkt om at Jared Diamond eigentleg er ein komite og ingen verkeleg person.
- Tastaturoppsettet Dvorak eksisterer også i norsk versjon og kan installerast ifrå nettet. Det vanlege oppsettet som vert levert med maskinene i dag er kjend som qwerty.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- 1972 Avifauna of the Eastern Highlands of New Guinea, Publications of the Nuttall Ornithological Club, No. 12, Cambridge, Mass., pp. 438.[1] Arkivert 2009-05-03 ved Wayback Machine.
- 1975 M. L. Cody og J. M. Diamond, eds. Ecology and Evolution of Communities. Belknap Press, Harvard University Press, Cambridge, Mass.
- 1979 J. M. Diamond og M. LeCroy. Birds of Karkar and Bagabag Islands, New Guinea. Bull. Amer. Mus. Nat. Hist. 164:469-531
- 1984 J. M. Diamond. The Avifaunas of Rennell and Bellona Islands. The Natural History of Rennell Islands, British Solomon Islands 8:127-168
- 1986 J. M. Diamond og T. J. Case. eds. Community Ecology. Harper and Row, New York
- 1986 B. Beehler, T. Pratt, D. Zimmerman, H. Bell, B. Finch, J. M. Diamond, og J. Coe. Birds of New Guinea. Princeton University Press, Princeton
- 1992 The Third Chimpanzee: The Evolution and Future of the Human Animal, ISBN 0-06-098403-1
- 1997 Why is Sex Fun? The Evolution of Human Sexuality, ISBN 0-465-03127-7
- 1997 Guns, Germs, and Steel: The Fates of Human Societies. W.W. Norton & Co. ISBN 0-393-06131-0
- 2001 The Birds of Northern Melanesia: Speciation, Ecology, & Biogeography (med Ernst Mayr), ISBN 0-19-514170-9
- 2003 Guns, Germs, and Steel Reader's Companion, ISBN 1-58663-863-7.
- 2005 Collapse: How Societies Choose to Fail or Succeed. New York: Viking Books. ISBN 1-58663-863-7.
- 2006 [re-release] The Third Chimpanzee: The Evolution and Future of the Human Animal. New York: HarperCollins. ISBN 0-06-084550-3.
Forskjellige artiklar
[endre | endre wikiteksten]- Island Biogeography and the Design of Natural Reserves (1976), i Robert M. May sin Theoretical Ecology: Principles and Applications, Blackwell Scientific Publications, pp. 163-186.
- Ethnic differences. Variation in human testis size. (April 1986) Nature 320(6062):488-489 PubMed.
- The Worst Mistake in the History of the Human Race Arkivert 2008-04-08 ved Wayback Machine. (PDF) (May 1987) Discover pp. 64-66
- Curse and Blessing of the Ghetto (March 1991) Discover, pp.60-66
- Race Without Color (November 1994) Discover
- The Curse of QWERTY (April 1997) Discover
- Japanese Roots (June 1998) Discover
- The Ends of the World as We Know Them. New York Times, 1. januar 2005. (Artikkel av Diamond med det grunnleggande ifrå Collapse. Engelskspråkleg.)
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- 1961-1965 Prize Fellowship in Physiology, Trinity College i Cambridge, England
- 1968-1971 Lederle Medical Faculty Award
- 1972 Distinguished Teaching Award, UCLA Medical Class
- 1973 Distinguished Teaching Award, UCLA Medical Class
- 1975 Distinguished Achievement Award, American Gastroenterological Association
- 1976 Kaiser Permanente/Golden Apple Teaching Award
- 1976 Nathaniel Bowditch Prize, American Physiological Society
- 1978 American Ornithologists Union, elected fellow
- 1979 Franklin L. Burr Award, National Geographic Society
- 1985 MacArthur Foundation “Genius” Grant
- 1989 Archie Carr Medal
- 1990 MacArthur Foundation Fellow
- 1992 Tanner Lecturer, University of Utah and many other endowed lectureships
- 1992 Royal Society Prizes for Science Books (Rhone-Poulenc Prize)
- 1992 Los Angeles Times Science Book Prize
- 1993 Zoological Society of San Diego Conservation Medal
- 1994 Skeptics Society, Randi Award
- 1995 Honorary doctor of literature, Sejong University, Korea
- 1996 Faculty Research Lecturer, UCLA
- 1997 Phi Beta Kappa Science Book Prize
- 1998 Pulitzerprisen
- 1998 Elliott Coues Award, American Ornithologists' Union
- 1998 California Book Awards, Gold Medal in nonfiction
- 1998 Royal Society Prizes for Science Books (Rhone-Poulenc Prize)
- 1999 Lannan Literary Award for Nonfiction
- 2001 Tyler Prize for Environmental Achievement
- 2002 Lewis Thomas Prize for Writing about Science
- 2006 Dickson Prize in Science
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Engelske wikifraser har ei samling sitat av Jared Diamond.
- Diamond si side ved UCLA sitt institutt for geografi Arkivert 2006-02-03 ved Wayback Machine.
- Diamond si side ved UCLA sitt institutt for medisin Arkivert 2006-07-16 ved Wayback Machine.
- Diamond sin biografi på The Edge Arkivert 2008-01-31 ved Wayback Machine.
- Jared Diamond videopresentasjon av Collapse Arkivert 2008-02-13 ved Wayback Machine. - Video av eit foredrag gjeve ved The Earth Institute på Columbia University april 2007
- Jared Diamond, lingvist, molekulær fysilogist, bio-geografør, etc. / UCLA Spotlight Arkivert 2007-10-23 ved Wayback Machine.
Intervju
[endre | endre wikiteksten]- Jared Diamond Arkivert 2008-11-04 ved Wayback Machine. på Charlie Rose talk show, 24 Jan. 2005
- Intervju i Spiegel 31/2008 'Auge in Auge mit dem Täter' (tysk)
- Das Risiko heißt: Zusammenbruch der Weltgesellschaft 19. desember 2005, FAZ.NET (tysk)
- „Das geht auf keine Kuhhaut“ 10. November 2005, DIE ZEIT Nr.46 (Eit intervju med Diamond om læra om historie, og moglegheita for å forhindre det kommande økocidet. Tysk.)
- Sind wir etwa die ersten normalen Menschen 6. juli 2007, FAZ.NET (Intervju med Diamond. Er vi dei første normale menneska? Tysk.)