Johannes Selsvik
Johannes Selsvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. januar 1854 Jondal |
Død |
14. september 1935 (81 år) |
Yrke | konstruktør |
Johannes Selsvik (10. januar 1854–1935) var ein norsk båtbyggjar. Han vart fødd i Jondal i Hardanger. Han lærde det grunnleggande innan båtbygging i oppveksten. Etter å gått i skipsbygginslære på Grams Skibsbyggeri i Laksevåg frå 1874, bygde han det første fartøyet i 1877. Det var kutteren «Vidar» på 73 fot. Dette er eit fartøy som framleis er i bruk.[1]
Frå 1880 til 1896 var han skipsbyggmeister ved Bodø skipsverft. Han etablerte nytt båtbyggeri i Trondheim i 1897. Der vart det bygd garnbåtar, skyssbåtar og seglbåtar. I 1899 bygde han den første kravellbygde fiskeskøyta. Og frå 1900 vart det bygd kravellbygde fiskefartøy for segl og motor. For at det skulle byggast betre og sterkare fiskefartøy som var berekna på motordrift oppretta staten ei vandrelærarstilling i kavellbygging. Johannes Selsvik gjekk inn i denne stillinga, og fungerte som vandrelærar frå 1902 til 1909. Han heldt kurs frå Talvik og Hammerfest i nord til Strandebarm og Jondal i Hardanger. Frå 1910 til 1914 dreiv han på ny båtbyggeri i Trondheim. Det vart ingen suksess. Mellom anna var det slutt med bestillingar av fiskefartøy frå Nord-Noreg. Han hadde lært båtbyggarane der kravellbygging. Frå 1916 til han døydde i 1935 arbeidde han ved Skipskontrollen i Trondheim.
Johannes Selsvik fekk Kongens Fortenestemedalje i gull i 1923.
Bøker av Johannes Selsvik
[endre | endre wikiteksten]- Indberetning fra stipendiat til Chicagoutstillingen. A.F.Knudsens bogtrykkeri Bodø. 1894
- Beskrivelse over materialdimentionerbygningsmaade af 21.br.tons havfiskebaad. N.Nilssen & ssøns bogtrykkeri. Bergen 1903
- Bygningsregler for havfiskebaade Egen utgiver 1906
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Torstein Arisholm med fleire:Kravellbygging i Norge. Hardanger Fartøyvernsenter og Norsk Sjøfartsmuseum 2008
- Olav Kolltveit: Jondal i gamal og ny tid Jondal Bygdeboknemnd 1953
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Torstein Arisholm med fleire:Kravellbygging i Norge. 2008