Hopp til innhald

Jon Hellesnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Hellesnes

Pseudonym Alexander N. Wilken
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. september 1939 (85 år)
Voss
Yrke professor, filosof, skribent
Periode 1966-
Medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi
Debut Sjølvkunnskap og medmenneskeforståing : ein studie i filosofisk psykologi

Jon Hellesnes (fødd 16. september 1939 på Voss) er ein norsk forfattar og filosof. Han budde på Sandane i Gloppen kommune til han var 14 år. Hellesnes begynte i 1985 som professor i filosofi ved Universitetet i Tromsø, der han gjekk av med pensjon i 2007. Han heldt fram som professor II ved Høgskulen i Volda til 2008. I tillegg har han vore gjesteforelesar ved fleire universitet i Tyskland og ved University of Virginia i USA.

Han har skrive fleire bøker, både på norsk og fleire andre språk. Dei fleste bøkene hans handlar om filosofi. Hellesnes har gitt ut spenningsromanar under pseudonymet Alexander N. Wilken. Hellesnes er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim.[1]

I 1995 vann han Melsom-prisen. I 2010 vart han tildelt Språkprisen for Illusjon?.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]

I tidsskrift - eit utval

[endre | endre wikiteksten]
  1. Professor emeritus Jon Hellesnes 70 år. Fødselsdagsomtale i Aftenposten Kultur 16. september 2009 side 12.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]