Hopp til innhald

Kimmeridgium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kimmeridgium er den andre alderen i epoken sein jura. Han varte frå 155,7 ± 4 til 150,8 ± 4 millionar år sidan. Kimmeridgium kjem etter oxfordium og før tithonium.

Alderen har fått namn etter landsbyen Kimmeridge på kysten av Dorset i England der dei største frambrota frå denne alderen finst.

Kimmeridgeleire er kjelda for om lag 95 % av petroleumen i Nordsjøen.

Jura
Tidleg/nedre jura Mellomjura Øvre/sein jura
Hettangium | Sinemurium
Pliensbachium | Toarcium
Aalenium | Bajocium
Bathonium | Callovium
Oxfordium | Kimmeridgium
Tithonium