Krasnodar
Krasnodar Краснодар | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Krasnodar kraj | ||||
Grunnlagd | 12. januar 1794 | ||||
Borgarmeister | Vladimir Jevlanov | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
841,36 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2024) - folketettleik |
1 138 654 1 353,3 /km² | ||||
Koordinatar | 45°2′N 38°59′E / 45.033°N 38.983°E | ||||
Høgd over havet | 25 moh. | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 350xxx | ||||
Retningsnummer (tlf) | +7 861 | ||||
Bilnummer | 23, 93 | ||||
Nettstad: www.krd.ru/ |
Krasnodar (russisk Краснода́р) er ein by sør i Russland ved elva Kuban. Han er det administrative senteret i Krasnodar kraj.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen har opphav som festninga Jekaterinodar bygd av kosakkar for å forsvare grensa til Det russiske keisarriket og for å krevje russisk eigarskap over Circassia, som òg Det osmanske riket ønskte. På første halvdel av 1800-talet voks Jekaterinodar til eit travelt senter for kuban-kosakkane. I 1888 hadde byen om lag 45 000 innbyggjarar og vart eit livleg handelssenter i Sør-Russland. I 1897 vart ein obelisk til minne om den 200 år lange historia til kuban-kosakkane reiste i Jekaterinodar.
Under den russiske borgarkrigen skifte byen eigarar fleire gonger mellom den raude arméen og frivilligheitshæren, og mange kuban-kosakkar var anti-bolsjekvikar som støtta den kvite rørsla. Under den andre verdskrigen vart Krasnodar okkupert av Tyskland mellom 12. august 1942 og 12. februar 1943. Byen vart hardt råka under kampane, men gjenoppbygd og renovert etter krigen.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete frå Krasnodar Arkivert 2012-12-05 ved Archive.is