Kurdistan
Utsjånad
Kurdistan er eit område i Midtausten, der det hovudsakleg bur kurdarar. Landområdet dekkjer delar av Tyrkia, Irak, Iran, Armenia, og Syria. Då Det osmanske riket blei delt mellom Storbritannia, Tyrkia og andre land ved Sèvres-avtalen i 1920, blei det gjort framlegg om å gjera Kurdistan til eit eige land. Det blei med orda, truleg fordi ein frykta at eit samla Kurdistan ville få for stor makt i områda. Sidan då har kurdiske grupper kjempa for sjølvstende i dei ulike landa dei høyrer til, medan landa har kjempa imot dei, for å sleppa å avstå landområde til eit nytt Kurdistan.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kurdistan