Let's Be Friends
Let's Be Friends Studioalbum av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | April 1970 | |
Innspelt | Mars 1962 til mars 1969 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 21:23 | |
Selskap | RCA Camden | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
From Memphis to Vegas/From Vegas to Memphis (1969) |
Let's Be Friends | On Stage (1970)
|
Let's Be Friends er det 37. albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Camden Records i april 1970. Det var det andre billigalbumet som Presley gav ut på RCA Camden. Det nådde 105. plassen på Billboard 200-lista.[1] Albumet selde til gullplate 15. juni 1999 og platina den 6. januar 2004 hos Recording Industry Association of America.[2]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Som føregjengaren Elvis Sings Flaming Star, består Let's Be Friends av ei samling songar som ikkje var gjevne ut tidlegare. Desse var spelt inn for filmane til Presley.[3] Etter at Presley på ny hadde fått fart i karrieren sin, kan Colonel Tom Parker, manageren til Presley, ha protestert mot å utnytte marknaden på denne månen, men dette var ein del av kontrakten Presley hadde med RCA.[3]
Albumet inneheldt to songar som ikkje var frå filmar, frå innspelinga vinteren 1969 i American Sound Studio i Memphis, «I'll Be There» og «If I'm a Fool (For Loving You)».[4] «Mama» vart sungen i filmen Girls! Girls! Girls! av The Amigos og Presley, og ei forkorta utgåve kom ut på CD-plata Elvis Double Features: Kid Galahad/Girls! Girls! Girls!.[5] «Let's Forget About the Stars» var blitt spelt inn for filmen Charro!, men vart ikkje nytta i filmen. «Almost» var ein av berre to songar frå The Trouble with Girls som kom ut medan Presley levde. Tre songar, «Let's Be Friends», «Change of Habit» og «Have a Happy», var opphavleg for filmen Change of Habit. To andre songar frå filmen «Rubberneckin'» og «Let Us Pray», kom ikkje med på albumet, medan den førstnemnde vart gjeven ut på singel i 1969 og sistnemnde kom ut på billigsamlinga You'll Never Walk Alone i 1971.
Som alle Presley-albuma på Camden, var albumet kort, for kort for eit fullprisalbum. I 1975 vart det gjeve ut på ny på Pickwick Camden Records med det originale katalognummmeret #CAS 2408. Plata vart gjeve ut på CD av Sony Music Entertainment i 2006.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Stay Away, Joe» (frå Stay Away, Joe) | Ben Weisman, Sid Wayne | 1. oktober 1967 | 1:37 |
2. | «If I'm a Fool (For Loving You)» | Stan Kesler | 20. februar 1969 | 2:43 |
3. | «Let's Be Friends» (frå Change of Habit) | Chris Arnold, David Martin, Geoff Morrow | 5. mars 1969 | 2:41 |
4. | «Let's Forget About the Stars» (frå Charro!) | A.L. Owens | 15. oktober 1968 | 2:22 |
5. | «Mama» (frå Girls! Girls! Girls!) | Charles O'Curran, Dudley Brooks | 28. mars 1962 | 2:13 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «I'll Be There» | Bobby Darin | 23. januar 1969 | 2:21 |
2. | «Almost» (frå The Trouble with Girls) | Ben Weisman, Buddy Kaye | 23. oktober 1968 | 1:47 |
3. | «Change of Habit» (frå Change of Habit) | Ben Weisman, Buddy Kaye | 5. mars 1969 | 3:18 |
4. | «Have a Happy» (frå Change of Habit) | Ben Weisman, Dolores Fuller, Buddy Kaye | 5. mars 1969 | 2:21 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Let's Be Friends» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Let's Be Friends». Allmusic. Rovi Corp. 2013. Henta 7. januar 2017.
- ↑ «Searchable database». RIAA. Recording Industry Association of America. 2013. Henta 7. januar 2017. Merk: Søk på «Let's Be Friends»
- ↑ 3,0 3,1 Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 295.
- ↑ Jorgensen, Ernst. Elvis Presley A Life in Music: The Complete Recording Sessions. New York: St. Martin's Press, 1998; s. 266, 275.
- ↑ BMG Music Cat. No. 74321134302 (1993)