Levi Henriksen
Levi Henriksen | |
Nasjonalitet | Norsk |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. mai 1964 (60 år) Kongsvinger |
Yrke | musikar, manusforfattar, journalist |
Periode | 1999- |
Religion | kristendom |
Debut | Lille Norge i store Alaska |
Levi Henriksen (fødd 15. mai 1964 i Kongsvinger)[1] er ein norsk forfattar, musikar og tidlegare journalist. Han har gitt ut novellesamlingar og roman på forlaget Gyldendal Norsk Forlag, samt essaysamling, antologi og andre bøker på sitt eige forlag, Magerdal forlag.
Henriksen er kjent for å legga handlinga i verka sine til den oppdikta bygda Skogli, der han skildrar livet til bygdefolket på godt og vondt. Bygda er basert på den verkelege bygda Granli, som ligg nokre kilometer utanfor Kongsvinger i Hedmark fylke.
På sitt eige forlag har han mellom anna gjeve ut antologien Mannen som ikke var fra Kongsvinger, ei hyllest til Kongsvinger då heimbyen hadde 150-årsjubileum i 2004. Tittelen er henta frå ei novelle av Aksel Sandemose frå 1954, som opnar antologien. Forfattarar som Vidar Kvalshaug, Håkon Ohlgren, Heidi Linde, Bengt Berg og Alf Kvasbø medverkar òg.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Lille Norge i store Alaska – med Jens Haugen (foto) reiseskildring (1999)
- Fra Magerdalen til Elvis Presley Boulevard – essaysamling (2000)
- Feber – novellesamling (2002)
- Ned Ned Ned – novellesamling (2003)
- Snø vil falle over snø som har falt – roman (2004)
- Bare mjuke pakker under treet – novellesamling (2005)
- Babylon Badlands – roman (2006)
- Den aller siste Mohikaner – roman (2006)
- Trekkspilltvillingene – roman, (2007)
- Alt det som lå meg på hjertet – novellesamling (2009)
- Kjære deg min kjære – lyrikk (2010)
- Lukten av propan om morgenen – roman (2010)
- Dagen skal komme med blå vind – roman (2011)
- Engelen ved djevelgapet – ungdomsbok (2012)
- Postkort fra alle tings utkant – essaysamling (2012)
Plater
[endre | endre wikiteksten]- Greetings From Stuckville – Heart of Mary - bassist og låtskrivar (1989)
- Herfra til Rockaway Beach – Levi Henriksen og Thomas Mårud - bassist og låtskrivar (2005)
Prisar og utmerkingar
[endre | endre wikiteksten]- Bokhandlerprisen 2004, for Snø skal falle over snø som har falt
- Kongsvinger kommunes kulturpris 2004
- Ordknappen 2006 for Den aller siste mohikaner
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Levi Henriksen (15.05.1964)». forfatterkatalogen.no. Henta 12. februar 2013.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Dag Eivind Undheim Larsen. "Forfatter Levi Henriksen vegret seg lenge for å fortelle farens historie. Nå har han skrevet den i en roman: Graver i en mørk fortid". 2017-09-13. Klassekampen. S. 24-5