Louise Michel
Utsjånad
Louise Michel | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 29. mai 1830 Vroncourt-la-Côte |
Død | |
Yrke | lærar, lyrikar, pedagog, skribent, journalist, kommunard, anarkist, politikar, skribent |
Språk | fransk, kanak |
Medlem av | frimureri |
Religion | ateisme |
Partnar | Charlotte Vauvelle |
Louise Michel på Commons |
Louise Michel (1830–1905) var ein fransk anarkist, lærarinne og aktiv som ambulansekvinne under Pariskommunen 1871.
Da ho vart arrestert etter kommunen fall, vart ho deportert til kolonien Ny-Caledonia, der ho var frå 1873-1880. Medan ho var der, dreiv ho agitasjon blant urfolket mot kolonimakta.
Tilbake i Paris heldt ho fram si politiske gjerning. Ved eit høve leidde ho ein demonstrasjon mot fattigdomen og til Pariskommunen sitt minne. Dei trong ei fane av noko slag, og Louise tok da av seg den svarte silkeunderkjolen sin og festa han på eit kosteskaft. På det viset skal anarkismen ha fått den svarte fana si.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Louise Michel» frå Wikipedia på svensk, den 31. desember 2006.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Albert Jensen: Louise Michel (Den Röda Jungfrun). A H Förlag, Sthlm 1915.
Denne historieartikkelen som har med Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.