Marian Hussein
Marian Hussein | |||
| |||
Fødd | 24. juli 1986 (38 år) Somalia | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Sosialistisk Venstreparti | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Marian Abdi Hussein (fødd 24. juli 1986 i Somalia) er ein norsk politikar for Sosialistisk Venstreparti (SV) og stortingsrepresentant for Oslo sidan 2021. Sidan 18. mars 2023 har ho vore nestleiar i SV.[1]
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Hussein vart fødd i Somalia og kom til Noreg då ho var ti år gamal. Ho har arbeidd som vernepleiar, i NAV og barnevernstenesta.
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]I perioden mellom 2017 og 2021 var Hussein 3. vararepresentant for SV i Oslo til Stortinget.[2] Før det, var ho medlem av bydelsutvalet i bydel Gamle Oslo frå 2015 til 2019. Ved Stortingsvalet 2021 var ho på 2. plass på lista til SV i Oslo, og fekk fast plass på Stortinget. Ho vart dimed den fyrste personen med bakgrunn frå Somalia som kom inn som fast representant i nasjonalforsamlinga, og samstundes den fyrste med afrikansk bakgrunn som oppnådde dette.[3][4]
Den 18. mars 2023 vart ho vald inn som nestleiar i SV.[1]
Stortingskomitéar
[endre | endre wikiteksten]- 2021–2025: Medlem av Helse- og omsorgskomiteen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Knežević, Milana (18. mars 2023), «Kirsti Bergstø er SVs nye partileder», NRK (på norsk bokmål), henta 18. mars 2023
- ↑ «Biografi: Hussein, Marian», Stortinget (på norsk), 9. november 2021, henta 18. mars 2023
- ↑ «Marian (32) er den første med hijab på Stortinget: – Jeg håper det gjør at vi får flere som tør å bryte barrierer» (på norsk bokmål). Henta 23. september 2021.
- ↑ Holte, Eva Alnes. «Marian Hussein (SV) innstilt til plass på Stortinget» (på engelsk). Henta 23. september 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Marian Hussein» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mars 2023.