Mittersill
Utsjånad
Mittersill er ein by og ein kommune i landskapet Pinzgau i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 132,0 km² og har i kring 5 400 ibuarar.
Byen ligg 790 meter over havet ved elva Salzach, om lag 25 km vest for distriktshovudstaden Zell am See. Sør-sørvest for byen reiser fjellkjeda Hohe Tauern seg.
Skifabrikken Blizzard Sport er ei av to store industriverksemder i Mittersill.
Under ein razzia i Mittersill hausten 1945 vart toneskaparen Anton Webern skoten av ein USA-amerikansk soldat i huset der han budde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mittersill» frå Wikipedia på engelsk, den 14. april 2014.