Money Honey av Clyde McPhatter and The Drifters
Money Honey av Clyde McPhatter og The Drifters | ||
B-side |
«The Way I Feel»[1] | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | September 1953 | |
Innspelt | 9. august 1953, Atlantic Studios | |
Sjanger | R&B | |
Selskap | Atlantic 45-1006 | |
Komponist | Jesse Stone | |
Tekstforfattar | Jesse Stone | |
Låtskrivar(ar) | Jesse Stone | |
Clyde McPhatter og The Drifters-kronologi | ||
Money Honey | «Such a Night»
(1/1954)
|
«Money Honey» er ein song skriven av Jesse Stone,[2] og gjeven ut i september 1953 av Clyde McPhatter akkompagnert for første gongen av det nye bandet Drifters. Røysta til McPhatter, men ikkje namnet, var blitt kjend som songaren for Billy Ward and the Dominoes. Songen vart raskt ein hit og låg på rhythm and blues-lista i USA i 23 veker, der han nådde toppen.[3] Rolling Stone rangerte songen på 252. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[2] Innspelinga hadde i 1968 seld over to millionar eksemplar.[4]
Innspeling
[endre | endre wikiteksten]Songen vart spelt inn 9. august 1953 i Atlantic Studios med Clyde McPhatter (solovokal), Bill Pinkney (baryton), Andrew «Bubba» Thrasher (andretenor), Gerhart «Gay» Thrasher (høg tenor) og Willie Ferbie (bass). Walter Adams var gitaristen på innspelinga.[1]
Andre som var med på innspelinga var Mickey Baker på gitar[5] og Sam «the Man» Taylor på tenorsaksofon.[6] Arrangementet startar med ein sekkepipe-liknande tone frå Drifters, før det vert sett i gang ein shufflerytme. Røysta til McPhatter er klår og lys, og midt i saksofonsoloen gjev han eit høgt skrik.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- I 1956 vart songen spelt inn av Elvis Presley for debutalbumet hans Elvis Presley.[7]
- Songen vart spelt inn av Eddie Cochran på konsert i 1959[8] og denne vart gjeven ut i 1999 på albumet The Town Hall Party Shows.
- The Hollywood Flames gav ut ein versjon som B-sida til singelen deira «My Heart's on Fire» frå 1960.[9]
- Clyde McPhatter spelte inn songen på ny for Mercury og albumet Lover Please i 1962.
- Little Richard spelte inn songen for his 1964 Vee-Jay Records album, Little Richard Is Back (And There's a Whole Lotta Shakin' Goin' On!)
- Gitaristen Davy Graham spelte inn melodien i 1966 på albumet Midnight Man.
- The Jackson 5 spelte songen for Motown i 1971 - 1975. Songen vart sidan gjeven ut i plateboksen Soulsation! i juni 1995.
- Songen vart spelt av Ry Cooder i 1972 på albumet Into the Purple Valley.[10]
- Gary Glitter spelte inn songen i 1973 for albumet Touch Me.
- The Sensational Alex Harvey Band spelte inn songen i 1974 på albumet The Impossible Dream.
- The Coasters gav ut ein versjon av songen.[11]
- Kristin Berglund gav ut songen på det andre albumet sitt, Long Distance Love (1979).[12]
- Aaron Neville spelte inn «Money Honey» for albumet My True Story frå 2013.
- 38 Special spelte inn songen i 1980 på albumet «Rockin' Into The Night».[13]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Money Honey (Clyde McPhatter song)» frå Wikipedia på engelsk, den 30. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 The Drifters (The Early Years) Henta 13. februar 2012.
- ↑ 2,0 2,1 «Rolling Stone magazine's top 500 songs». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 25. juni 2008. Henta 30. september 2016.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 173.
- ↑ Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2. utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 64. ISBN 0-214-20480-4.
- ↑ Mickey Taylor - Winamp, arkivert frå originalen 18. september 2012, henta 30. september 2016
- ↑ Stax O' Wax: Sam «The Man» Taylor - In the Mood for Sax: More Blue Mist (1960)
- ↑ Elvis Presley, «Money Honey»[daud lenkje] Henta 13. februar 2012.
- ↑ Eddie Cochran references Arkivert 2012-05-27 ved Archive.is Henta 13. februar 2012
- ↑ The Hollywood Flames, «My Heart's on Fire» single release Henta 4. februar 2016.
- ↑ Amazon.com - Into the Purple Valley: Ry Cooder: Music
- ↑ The Coasters, «Money Honey» Henta 13. februar 2012.
- ↑ Kristin Berglund, Long Distance Love Henta februar 4, 2016.
- ↑ http://www.allmusic.com/album/rockin-into-the-night-mw0000193401
255: «Mack the Knife» Bobby Darin |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 254 «Money Honey» The Drifters |
253: «Paranoid» Black Sabbath |
- Songar frå 1953
- Singlar frå 1953
- Songar skrivne av Jesse Stone
- Clyde McPhatter-songar
- The Drifters-songar
- Eddie Cochran-songar
- The Hollywood Flames-songar
- Elvis Presley-songar
- Little Richard-songar
- The Jackson 5-songar
- Gary Glitter-songar
- The Coasters-songar
- Songar på toppen av Billboard Hot R&B/Hip-Hop Songs-lista
- Grammy Hall of Fame Award
- Atlantic Records-singlar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone
- Bob Dylan-songar
- Ry Cooder-songar
- .38 Special-songar