Hopp til innhald

Muharram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Muharrammarkering i Oudh (Awad) i 1795.

Muharram eller muharram ul haram er den første månaden i den muslimske kalenderen. Det er ein av dei fire heilage månadene i året, og er rekna som den nest heilagaste, etter ramadan. Det er ikkje ønskeleg å vere i krig eller delta i strid under muharram. Ein prøver ofte å løysa konfliktar denne månaden.

Sidan 2005 har muharram falle på følgjande datoar i den vestlege kalenderen:
1427 etter hidjra 31. januar–1. mars 2006
1428 e.h. 20. januar–18. februar 2007
1429 e.h. 10. januar–8. februar 2008
1430 e.h. 29. desember 2008–27. januar 2009
1431 e.h. 18. desember 2009–16. januar 2010

Den muslimske kalenderen følgjer månen, og difor flyttar muharram seg 11-12 dagar kvart år i tilhøve til den gregorianske kalenderen. Månadene startar når ein eller fleire rettruande muslimar ser nymånen på himmelen, og difor kan ein ikkje seie nøyaktig kva tid ein månad vil byrja.

Den første dagen i muharram kan markerast med muslimsk nyttårsfeiring. Sjiamuslimar markerer minnet om slaget ved Karbala og drapet på Husayn ibn Ali med faste, gjerne også opptog, særleg under asjura den 10. muharram. Også mange sunnimuslimar markerer dei ti første dagane av månaden med faste og reknar 10. muharram som dagen Musa (Moses) vann over faraoen av Egypt.