Hopp til innhald

Namco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Namco


Org.formKabushiki kaisha
BransjeDataspelindustrien
Skipa1. juni 1955
HovudkontorTokyo
LandJapan
Produktdataspel
Nettstadhttps://bandainamco-am.co.jp (japansk), https://www.namco.com.hk

Namco Ltd. er ein japansk dataspelutviklar. Selskapet blei skipa i Tokyo i 1955 av Masaya Nakamura under namnet Nakamura Manufacturing Ltd. Det endra namn til Namco i 1972 og kjøpte det japanske dotterselskapet til Atari i 1974. Det best kjende spelet til Namco, Pac-Man, kom ut i 1980. I 2005 blei Namco slått saman med spelselskapet Bandai og danna Namco Bandai Holdings.

I tillegg til Pac-Man har Namco utvikla mellom anna Ms. Pac-Man, Soul Calibur, Tekken, Ridge Racer og serien Tales.