Nix
Nix fotografert av New Horizons | |
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | Romteleskopet Hubble Pluto Companion Search Team |
Oppdagingsdato | juni 2005 |
Baneskildring | |
Eksentrisitet | 0,002 ± 0,002 |
24,856 ± 0,001 d | |
Banehelling | 0,04° ± 0,22° |
Satellitt av | Pluto |
Fysiske eigenskapar | |
Snittdiameter | 46 − 137 km |
Masse | 5×1016 − 2×1018 kg |
kaotisk | |
Albedo | 0,04 − 0,35 (truleg) |
Temperatur | 33-55 K |
23,38 til 23,7 | |
Nix (òg referert til som S/2005 P 2, Pluto II og 134340 II ) er ein av fem kjende plutomånar. Han vart oppdaga i lag med Hydra i juni 2005 av Pluto Companion Search Team ved hjelp av bilete tekne av romteleskopet Hubble.
Nix vart vitja i lag med resten av Pluto-systemet av romsonden New Horizons 14. juli 2015.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet Nix kjem frå den greske gudinna for mørke og natt, mora til Karon. Namnet vart gjort kjent 21. juni 2006 i IAU Circular 8723, der designasjonen Pluto II også er gjeven. I lag med Hydra, Plutos tredje måne, utgjer dei initialane til New Horizons; NH. Det opphavlege namneforslaget gjekk ut på å bruka den gammalgreske stavinga Nyx, men for å unngå misforståingar med asteroiden 3908 Nyx vart den egyptiske stavinga brukt.
Oppdaging
[endre | endre wikiteksten]Oppdagingsbileta vart tekne 15. mai 2005 og 18. mai 2005, medan Max J. Mutchler den 15. juni 2005 og Andrew J. Steffl den 15. august 2005 oppdaga månane uavhengig. Oppdagingane vart offentleggjort 31. oktober 2005 etter at studiar av bilete frå 2002 kunne stadfesta at månane fanst. Månane fekk mellombelsnamna, Hydra og Nix respektivt, S/2005 P 1 og S/2005 P 2.
På oppdagingsbiletet er Nix 6300 gongar svakare enn Pluto.
Eigenskapar
[endre | endre wikiteksten]Tidlege undersøkingar såg ut til å visa at Nix var raudleg lik Pluto og ulikt dei andre månane; men seinare observasjonar viste at månen er grå lik resten av satellittane.
Nix og Hydra følgjer ein sirkulær bane lik Kharon. Omløpstida på 24,9 dagar er nær ein 1:4 baneresonans med Kharon; men avviket er på 2,7% slik at det sannsynlegvis ikkje finst nokon aktiv resonans.
Spektrum tekne av New Horizons syner at yta til Nix er sett saman av reinare eller meir grovkorna is enn ytene til Hydra og Kharon.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Nix (moon)» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2007.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Nixs profil Arkivert 2007-08-01 ved Wayback Machine. hjå NASA's Solar System Exploration
- Background Information Regarding Our Two Newly Discovered Satellites of Pluto – Nettstaden til oppdagarane
- NASA's Hubble Reveals Possible New Moons Around Pluto – Hubble-pressemelding
- Two More Moons Discovered Orbiting Pluto (SPACE.com)
- Pluto's Newest Moons Named Hydra and Nix (SPACE.com)