Nord-Dakota
Nord-Dakota North Dakota | |||
delstat | |||
|
|||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | det kontinentale USA | ||
Hovudstad | Bismarck | ||
Areal | 183 112 km² | ||
• land | 178 647 km² | ||
• vatn | 4 465 km² | ||
Folketal | 755 393 (2017) | ||
Folketettleik | 4 / km² | ||
Guvernør | Doug Burgum (R) | ||
Før innlemming | Dakota-territoriet | ||
Innlemma i USA | 2. november 1889 | ||
Statsnummer | 39. eller 40. | ||
Forkorting | ND | ||
Nord-Dakota 47°30′N 100°30′W / 47.5°N 100.5°W | |||
Kart som viser Nord-Dakota.
| |||
Wikimedia Commons: North Dakota | |||
Nettstad: nd.gov |
Nord-Dakota er ein delstat i den nordamerikanske staten USA. Han ligg i den delen av USA som vert kalla Midtvesten og har grense mot Minnesota i aust, Sør-Dakota i sør, Montana i vest og mot Canada i nord. Den vestlege halvdelen av staten er òg ein del av The Great Plains. Hovudstaden er Bismarck, medan den største byen er Fargo. University of North Dakota ligg i byen Grand Forks, medan North Dakota State University ligg i Fargo.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Nord-Dakota var opphavleg busett av mandanfolk. Nybyggarane busette seg seinare og nokre av desse var mellom anna nordmenn. I dag har 30 % av befolkninga norske anar. Nord Dakota vart opptatt som den 39. delstaten i USA den 2. november 1889. På 1800-talet vart Nord-Dakota rekna som ein del av den ville vesten. Tidlegare var staten ein del av Dakota-territoriet (oppkalla etter dei innfødde dakotafolka).
Hovudbyar i Nord-Dakota
[endre | endre wikiteksten]- Fargo – om lag 92 000 innbyggjarar (2003)
- Bismarck – 56 000
- Grand Forks – 53 000
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Elva Missouri renn gjennom den vestlege delen av delstaten, og dannar innsjøen Lake Sakakawea. Den vestlege delen av staten har eit kupert landskap, og har naturressursar som kol og olje. I aust har Red River of the North forma Red River Valley. Denne regionen er eit fruktbart jordbruksområde. Landbruk har lenge dominert økonomien og kulturen i Nord Dakota.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Nord-Dakota har det sjuande største jordbruksarealet i USA, med fokus på kornproduksjon - kveite, mais og soyabønner. Med 1,9 millionar storfe er staten mellom dei større kjøttprodusentane i USA. Gardsbruka er relativt store, slik at behovet for landbrukssubsidiar er mindre enn i mange andre av dei store amerikanske jordbruksstatane. Nord-Dakota har den nest største bygg-produksjonen og har den største produksjonen av kveite i USA.
Økonomiske nøkkeltal | verdi | % av BNP | År. kjelde |
---|---|---|---|
BNP | 26,4 mrd US$ | 2006, Commerce Dept, Bureau of Economic Analysis, US | |
Arbeidsløyse | 3,2% | 2006, Labor Dept, Bureau of Labor Statistics, US | |
Andel fattige | 11,3% | 2005-06, Commerce Dept, Bureau of the Census, US | |
Inntekt pr innb | 32.552 US$ | 2006, Commerce Dept, Bureau of Economic Analysis, US |
Kilde: The World Almanac 2008, side 45 og 555-587.
Kjente personar fødde i Nord-Dakota
[endre | endre wikiteksten]- Lynn Anderson – songar
- Carl Ben Eielson – flypioner og polarflygar
- Peggy Lee – songar
- Eric Sevareid – avismann, journalist, og forfattar
- Ann Sothern – skodespillar