Noregs dokumentarv
Noregs dokumentarv er eit register over ein del av dei viktigaste dokumenta i norsk historie, næringsliv, kulturliv og anna samfunnsverksemd. Registeret er ei nasjonal utgåve av UNESCO sitt Verdsminne-program (Memory of the World),[1] som skal bidrage til å verna og tilgjengeleggjere verda si dokumentarv og framstå som menneskja sitt kollektive minne.
Dokumenta er valde ut av den norske komiteen for verda si dokumentarv på grunnlag av nominasjonar i hovudsak frå arkiv, museum og bibliotek. Registeret vart opna 8. februar 2012 med eit innhald på seksti dokument og dokumentgrupper/arkivsamlinger. Det meste er tradisjonelle papirdokument, men registeret omfattar òg andre medium som runestein, fagforeiningsfane, filmnegativ, radioopptak og digitalfilm. Tidsspennet er på rundt tusen år.
Kriterium
[endre | endre wikiteksten]Ved val av dokument til Noregs dokumentarv tek ein utgangspunkt i internasjonale kriterium, som er skildra i General Guidelines to Safeguard Documentary Heritage frå verdsprogramme. Ein vurderer aktuelle dokument ut frå hovudkriteria autentisitet (dei må - i hovudsak - vere originale) og at dei er unike.[2] Det siste inneber mellom anna at dokumenta må vere uerstattelege, og at dei må ha hatt (eller ha) vesentleg samfunnsmessig tyding eller representere hendingar eller fenomen som har hatt slik tyding.
Den nasjonale tydinga kan speglast i eit eller fleire av følgjande kriterium:
- Tid: Dokumentet er ein viktig tidsmarkør for til dømes ei sosial, politisk eller kulturell endring. Dokumentet representerer ei ny oppdaging eller er i seg sjølv det første i sitt slag.
- Stad: Den geografiske eller institusjonelle tilknytinga til dokumentet er viktig. Staden (og informasjonen det gjev om staden) er viktig for Noreg. Kanskje gjev det opplysningar om stader som ikkje lenger finst.
- Menneskjer: Dokumentet og konteksten det er i viser viktige sider ved menneskelege handlingar eller ved politisk, sosial, industriell eller kunstnarisk utvikling.
- Emne/tema: Dokumentet representerer tematisk viktige utviklingstrekk innan historie, vitskap, politikk, idrett eller kunst.
- Form/stil: Dokumentet har ein særleg estetisk, stilistisk eller språkleg verdi, kanskje særleg om form og format er i ferd med å forsvinne.
- Kulturell, åndeleg eller religiøs verd: Her krevst det at dokumentet har denne verdien i dag.
Dokumenta
[endre | endre wikiteksten]Den norske komiteen for verdas dokumentarv vurderer dei framlegga som kjem inn og avgjer kva for dokument som skal med i registeret. Arne Skivenes, frå Bergen byarkiv, var leiar for komiteen i 2012.
Tabellen under syner dei dokumenta og dokumentsamlingane som utgjer Noregs dokumentarv. Registeret blei skipa i 2012. Det har vore ny nominasjonsrunde i 2014 og 47 dokument vart nominerte.[3] Avgjerda om kva for dokument som kjem på lista vart publisert 2. desember 2014.[4] I 2016 vart det gjennomført ein ny nominasjonsrunde, 12 nye registreringar vart førte inn i registeret 9. desember 2016.[5] Endå ein ny nominasjonsrunde fann stad i 2018. Av 24 nominasjonar vart 7 innførte i registeret 7. desember 2018.[6]
I kolonnen «Referanse» er lenkjer til skildringar frå dei som har gjort framlegg om dei respektive dokumenta med grunngjeving for kvifor dei bør med. Fire av dokumenta blei automatisk vald inn i kraft av at dei allereie tilhøyrde registeret over Verdas dokumentarv. Det gjeld Lepraarkiva i Bergen, arkivet til Thor Heyerdahl, Henrik Ibsen sitt Et dukkehjem og filmen Roald Amundsens sydpolsferd. Sophus Tromholt sitt fotoarkiv vart ein del av verdas dokumentarv i 2013.
Dokument | Skildring | Ca. årstal | Arkivstad | Innvalsår | Illustrasjon | Referanse |
---|---|---|---|---|---|---|
Brosjyresamlinga til Arbeidarpartiet | Stort sett komplett samling av brosjyrer og løpesedler produsert i samband med valg fra partiets stiftelse | 1896–1997 | Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek | 2012 | [1] | |
Hovudavtalen av 1935 | Grunnavtalen mellom Landsorganisasjonen og Norsk Arbeidsgiverforening om samarbeidet mellom partane i arbeidslivet; signert eksemplar av den første avtalen | 1935 | Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek | 2012 | [2][daud lenkje] | |
Stiftelsesprotokollen til LO | Handskriven protokoll frå stiftingsforhandlingane | 1899 | Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek | 2012 | [3] | |
Nordlandshandelarkiva på Bryggen | Ei rekkje arkiv etter nordlandshandlere, etter gardar på Bryggen, samt nokre privat- og organisasjonsarkiv | 1702–1942 | Bergen byarkiv Universitetsbiblioteket i Bergen |
2012 | [4][daud lenkje] | |
Borgarbok for Bergen | Den einaste originale borgarboka i landet, og ein av få arkivkjelder som overlevde bybrannen i Bergen i 1702 | 1550–1751 | Bergen byarkiv | 2012 | [5] | |
Grunnleigebøker for Bergen | Seks protokoller som beskriver byens eiendomsstruktur og tomteinndeling | 1686–1854 | Bergen byarkiv | 2012 | [6][daud lenkje] | |
Griegsamlinga | Testamentert materiale etter Edvard Grieg: notemanuskript, dagbøker, brev, konsertprogram m.v. Omfattar også originalmanuskriptet til Klaverkonsert i a-moll, opus 16, som er seg i Nasjonalbiblioteket. | 1843–2007 | Bergen offentlige bibliotek | 2012 | [7] | |
Lepraarkiva i Bergen | Dokumentasjon av det vitskapelege gjennombrotet i forståelsen av lepra (spedalskhet); arkivet er eit Verdsminne | Fleire arkiv i Bergen | 2012 | [8] | ||
Arkivet etter Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab | Protokollar, brev, premiesøknadar m.m. frå Noregs første vitskaplege institusjon | 1760–1860 | NTNU Universitetsbiblioteket | 2012 | [9][daud lenkje] | |
Bjørnstjerne Bjørnson: Ja, vi elsker | Diktarens handskrive original | 1859 | NTNU Universitetsbiblioteket | 2012 | [10][daud lenkje] | |
Privatarkivet til Sverre Pedersen | Ei stor mengde teikningar, planar, artiklar, tidsskrifter m.v etter ein av Noregs fremste arkitektar og byplanleggarar | 1900–1970 | NTNU Universitetsbiblioteket | 2012 | [11][daud lenkje] | |
Arkivet til Thor Heyerdahl | Fotografi, film, dokumentar og manuskript frå forskinga og ekspedisjonane til Heyerdahl); arkivet er eit Verdsminne | Kon-Tiki Museet og Nasjonalbiblioteket | 2012 | [12] | ||
Arkivet etter Festspillene i Bergen | Arkiv, inkludert foto og ljodopptak, frå Noregd eldste festival for klassisk musikk og teater | 1953–2003 | Lokalhistorisk arkiv i Bergen | 2012 | [13][daud lenkje] | |
Norsk folkeminnesamling | Dei opphavlege samlingane etter Peter Chr. Asbjørnsen, Jørgen Moe, Moltke Moe, Sophus Bugge og Magnus Brostrup Landstad | 1830–1904 | Institutt for kulturstudier og orientalske språk, Universitetet i Oslo | 2012 | [14][daud lenkje] | |
Arkiv etter Kristiania og Aker fattigvesen | Mellom anna 234 protokollar med opp mot 200 000 personforhøyr og 52 protokollar med register over umyndige, pleietrengande og sinnssjuke | 1832–1930 | Oslo byarkiv | 2012 | [15] | |
Missale Nidrosiense og Breviarium Nidrosiense | Den katolske kyrkjas liturgi i Noreg fram til reformasjonen; dei to første trykksaker i Noreg | 1519 | Nasjonalbiblioteket, Deichmanske bibliotek | 2012 | [16][daud lenkje] | |
Roald Amundsen: Brev til kong Haakon | «Sydpolbrevet», etterlatt i ekspedisjonens telt ved polpunktet, funne av Robert Scott og seinare av mellom anna Tryggve Gran | 1911 | Nasjonalbiblioteket | 2012 | [17][daud lenkje] | |
Arkiv etter Ivar Aasen | Manuskript til Det norske Folkesprogs Grammatik og til Sunnmørs-gramatikken | 1813–96 | Nasjonalbiblioteket | 2012 | [18] | |
Ludvig Mathias Lindeman: Oppteikningar frå Valdres, Gudbrandsdalen, Meldalen | Et utvalg av materialet fra Lindemans første reise for innsamling av folketoner, sommeren 1848: 82 sider noter og 319 sider tekstmanuskript | 1848 | Nasjonalbiblioteket | 2012 | [19][daud lenkje] | |
Natzweiler- og Dachau-albumet | Et album med 40 teikningar og akvarellar av Rudolf Næss, som var fange i dei to konsentrasjonsleirane | 1945–47 | Nasjonalbiblioteket | 2012 | [20] | |
Filmavisen | 950 ukerevyer på film | 1941–63 | Nasjonalbiblioteket | 2012 | [21][daud lenkje] | |
Henrik Ibsen: Et dukkehjem | Manuskript i fleire utgåver og anna materiale fram til utgivelsen); manuskripta er eit Verdsminne | 1878–1879 | Nasjonalbiblioteket | 2012 | [22] | |
Bjørge Lillelien: Norge–England 2–1 | Legendarisk radioreportasje fra landskamp i fotball (VM-kvalifisering) | 1981 | Nasjonalbiblioteket[7] | 2012 | [23][daud lenkje] | |
Hurtigruten: Minutt for minutt | 134 timer langt (direktesendt) TV-program som følgjer MS «Nordnorge» frå Bergen til Kirkenes i juni 2011 | 2011 | Nasjonalbiblioteket[8] | 2012 | [24][daud lenkje] | |
Filmen Roald Amundsens sydpolsferd | Originalt filmmateriale frå sørpolekspedisjonen; materialet er eit Verdsminne | 1911 | Norsk Filminstitutt, Nasjonalbiblioteket | 2012 | [25] | |
«Avskedigede Arbeidere» fra Rjukan Salpeterfabrikker | Protokoll som registrerer oppsagte ansatte og andre som ikke skulle ansettes ved bedriften («svarteliste») | 1911–12 | Norsk Industriarbeidermuseum | 2012 | [26][daud lenkje] | |
Revolusjonsfana frå Rjukan | Fane for den stedlige jern- og metallarbeiderforeninga malt av Oscar Løvaas med slagorda «Giv akt! Se Revolutionen lyser over verden» | 1918 | Norsk Industriarbeidermuseum | 2012 | [27][daud lenkje] | |
Olav Engelbrektssons arkiv | Noregs best bevarte mellomalderarkiv, knytt til virket til Olav som erkebiskop og formann i riksrådet, men inneheld også ein del andre dokument, mellom anna unionstraktaten med Danmark frå 1450 | 1277–1537 | Riksarkivet | 2012 | [28] | |
Valbrevet til dronning Margrete | Pergament med segl der riksrådet kunngjer at Margrete er vald til Noregs «mektige frue og rette husbonde» og til regent på livstid | 1388 | Riksarkivet | 2012 | [29] | |
Nils Trosners dagbok | Eneste bevarte samtidige beretning om krigshverdag til sjøs på tidlig 1700-tall | 1710–14 | Riksarkivet | 2012 | [30] | |
Grensearkiv | Grensetraktaten mellom Norge og Sverige (inkludert Lappekodisillen), Peter Schnitlers protokoller frå grensebefaringar og ett av 23 grensekart frå perioden (nr. 21) | 1750 | Riksarkivet | 2012 | [31] | |
Weyses modellbok | Modellbok av Ip Olufsen Weyse med originale, fargelagde teikningar og akvareller av glasprodukt ved Nøstetangen glassverk og Aas glassverk, dokumentasjon på tidleg norsk glasindustri | 1763 | Riksarkivet | 2012 | [32] | |
Folketeljinga 1801 | Den første folketeljinga som inneheld namn og andre opplysningar for kvar enkelt innbyggjarr i Noreg | 1801 | Riksarkivet | 2012 | [33] | |
Flaggresolusjonen | Kongeleg resolusjon som godkjenne Stortingets vedtak om nytt norsk handelsflagg, vedlagt ein akvarell av framlegget til Fredrik Meltzer med Karl Johan si påskrift «Gillas» | 1821 | Riksarkivet | 2012 | [34] | |
Stiftelsesprotokollen til Venstre | Protokoll som dokumenterer stiftelsen av Norges første politiske parti, referater fra 17 landsmøter, 87 styremøter m.v. | 1884 | Riksarkivet | 2012 | [35][daud lenkje] | |
Oscarsborg vaktjournal | Dokumentasjon av hendingane 8.–9. april 1940, da tyske krigsskip kom inn Oslofjorden og «Blücher» blei senka | 1940 | Riksarkivet | 2012 | [36][daud lenkje] | |
Kongens nei | Kongeleg resolusjon frå 10. april kor kong Haakon og regjeringa avslår å imøtekomme tyske krav | 1940 | Riksarkivet | 2012 | [37] | |
Arkivet etter Åker gard i Vang i Hamar) | Stor dokumentsamling frå ein av landets adelege setegardar, mellom anna dagbøker, avlingsnotatar og legejournalar | 1670–1933 | Statsarkivet i Hamar | 2012 | [38][daud lenkje] | |
Edvard Munchs testamente | Testamente etter målaren og søster hans, Inger Munch; dertil dokument frå registreringa av dødsboet | 1940 | Statsarkivet i Oslo | 2012 | [39][daud lenkje] | |
Emigrantprotokollar frå Oslo | Oslo politikammers registreringar av emigrerte borgarar (44 kronologiske protokollar og 16 alfabetiske registerbøker) | 1867–1966 | Statsarkivet i Oslo | 2012 | [40][daud lenkje] | |
Kyrkjebok for Andebu | Den eldste kyrkjeboka i Noreg | 1623–1738 | Statsarkivet i Kongsberg | 2012 | [41][daud lenkje] | |
Arkivet til Telemarkskanalen | Arkiv etter Norsjø–Skienskanalen og Bandak–Norsjøkanalen (møtebøker, korrespondanse, kart og teikningar, oversyn over gods og passasjertal m.v.) | 1850–1980 | Statsarkivet i Kongsberg | 2012 | [42][daud lenkje] | |
Larvik grevskap sitt arkiv | Rundt 150 hyllemeter arkiv etter det ene av Noregs to grevskap frå Ulrik Fredrik Gyldenløves tid fram til adelskapet blei avvikla i 1821; inkluderer mellom anna Fritzøe Jernverk og Laurvig Hospital | 1671–1821 | Statsarkivet i Kongsberg | 2012 | [43][daud lenkje] | |
Kongsberg våpenfabrikk sitt arkiv | Rundt 150 hyllemeter arkiv frå Noregs første vapenfabrikk og muligeins eldste mekaniske verksemd (styreprotokollar, korrespondanse, reiknskap, personalruller, vapentekniske utgreiingar m.v.) | 1824–1987 | Statsarkivet i Kongsberg | 2012 | [44][daud lenkje] | |
Sorenskrivaren i Finnmark, rettsprotokollar | Referat frå rettens handsaming av alle typer kriminalsaker, inklusiv trolldomsprosessane | 1620–1813 | Statsarkivet i Tromsø | 2012 | [45][daud lenkje] | |
Kistrand kommunearkiv | Eit av få kommunearkiv som overlevde tvangsevakueringa og nedbrenninga av Finnmark 1944–1945; inneheld ein større andel dokument på kvensk og samisk | 1845–1914 | Statsarkivet i Tromsø | 2012 | [46][daud lenkje] | |
Arkivet til Røros koparverk | Stort arkiv med korrespondanse, protokollar og reiknskap | 1644–1977 | Statsarkivet i Trondheim, Rørosmuseet, Statsarkivet i Trondheim | 2012 | [47][daud lenkje] | |
Formannskapslovene | Stortingets handsaming og vedtak | 1837 | Stortingsarkivet | 2012 | [48][daud lenkje] | |
Unionsoppløysinga i 1905 | Utvalde dokument: Stortingspresident Carl Berner sitt manuskript til 7. juni-vedtaket; telegram frå Oscar II til stortingspresidenten om at kongen ikkje vil ta imot ein norsk deputasjon; Oscar IIs abdikasjonsbrev; telegram frå prins Carl om at han tar imot kongevalet | 1905 | Stortingsarkivet | 2012 | [49] | |
Allmenn røysterett | Konstitusjonskomiteens innstilling til endring av Grunnlova § 50 og referat frå Stortingets handsaming av innstillinga, som førte til at Noreg som fjerde land i verda innførte stemmerett til parlamentet også for kvinner | 1913 | Stortingsarkivet | 2012 | [50][daud lenkje] | |
Sophus Tromholts fotoarkiv | Negativer (231 stk) og originalkopiar (189 stk) av bilete frå Kautokeino og andre stader i Finnmark og samiske Finland, mellom anna dei første karakterportrett av namngitte samar | 1882–83 | Universitetsbiblioteket i Bergen | 2012 | [51][daud lenkje] | |
Fotoarkiv etter Knud Knudsen | Noregs største samla fotoarkiv etter førstegenerasjons prospektlandskapsfotografar, ca 13500 glasnegativ og 20000 originale papirkopier | 1862–1900 | Universitetsbiblioteket i Bergen | 2012 | [52][daud lenkje] | |
Norsk kvalfangst | Utvalde dokument: dagbok etter Svend Foyn, fangstlisens for Sør-Shetland, pastor Kristen Løkens brevsamling frå Sør-Georgia, dagbok frå DS «Norvegia», styreprotokoll for Kosmos AS og Theodor Anderssons fotografi frå Sør-Georgia | 1862–1981 | Hvalfangstmuseet, Vestfoldarkivet, Slottsfjellmuseet | 2012 | [53] | |
Runeinnskrift på Kulisteinen | Den eldste kjente bruk av namnet Noreg på norsk jord | 1000 | NTNU Vitskapsmuseet | 2012 | [54] | |
Riksforsamlinga på Eidsvoll | Originalfullmaktene til dei 112 representantane som møtte på Eidsvoll, samt til representantane frå Nord-Noreg som ikkje rakk fram i tide | 1814 | Riksarkivet | 2012 | [55][daud lenkje] | |
Riksforsamlinga på Eidsvoll | Den signerte utgåva av 17. mai-grunnlova | 1814 | Stortingsarkivet | 2012 | [56][daud lenkje] | |
Riksforsamlinga på Eidsvoll | To grunnlovsutkast, eit frå Johan Gunder Adler og Christian Magnus Falsen og eit frå Nicolai Wergeland (originalmanuskript) | 1814 | NTNU Universitetsbiblioteket | 2012 | [57][daud lenkje] | |
Riksforsamlinga på Eidsvoll | Peter Motzfeldts grunnlovsutkast (originalmanuskripter) | 1814 | Riksarkivet | 2012 | [58][daud lenkje] | |
Novembergrunnlova | Grunnloven av 4. november signert av stortingspresidenten og sekretær og seks svenske utsendinger | 1814 | Stortingsarkivet | 2012 | [59] | |
Mossekonvensjonen | Fredsavtale og vapenkvileavtale frå august med mellom anna dåverende kronprins Karl Johans signatur og segl | 1814 | Stortingsarkivet | 2012 | [60] | |
Arkivet etter Anna og Erling Stordahl | Arkivet gjer innsyn i den første tida for helsesport for funksjonshemma i Noreg | 1923-1994 | Valdresmusea/Opplandsarkivet avdeling Valdres folkemuseum | 2014 | [61] | |
Arkivet etter slekta Aall på Ulefos Hovedgaard | ca. 1660-1900 | Telemark Museum | 2014 | [62] | ||
Allmanach paa det aar efter Jesu Christi Fødsel 1644 | Den første boka som blei trykt i Noreg | 1644 | Nasjonalbiblioteket | 2014 | [63] | |
Forhandlingsprotokoll for boktrykkernes sykekasse, Kristiania 1819 | 1819 | Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek | 2014 | [64] | ||
Osebergfunnet - original feltdokumentasjon 1904-1906 | 1904-1906 | Kulturhistorisk museum, Universitetet i Oslo | 2014 | [65] | ||
Arkivet etter Camilla Collett | 1831-1895 | Nasjonalbiblioteket | 2014 | [66] | ||
Forhandlingsprotokol for Det Norske Missionsselskabs Generalforsamlinger | 1842-1864 | Misjonsarkivet, Misjonshøgskolen | 2014 | [67] | ||
Fragment av Frostatingslova | ca. 1260 | Riksarkivet | 2014 | [68] | ||
Arkivet etter Karen-Christine Friele | 1932-2013 | Universitetsbiblioteket i Bergen | 2014 | [69] | ||
Arkivet etter Leseforeningen for Kvinner | 1874-1974 | Nasjonalbiblioteket | 2014 | [70] | ||
Arkivet etter Norsk utvalg for betong i sjøvann | 1962-2001 | NTNU Universitetsbiblioteket | 2014 | [71] | ||
Spørrelistesvar ved Norsk etnologisk gransking | 1946-2014 | Norsk etnologisk gransking, Norsk folkemuseum | 2014 | [72] | ||
Skoleprotokollar frå 1800-talet | 1800-tallet | Interkommunalt arkiv Troms, Interkommunalt arkiv i Vest-Agder | 2014 | [73] | ||
Minnematerialet etter 22. juli 2011 | Riksarkivet | 2014 | [74] | |||
Handelsstadsarkiva i Salten og Lofoten | 1801-1970 | Nordlandsmuseet, Museum Nord, Arkiv i Nordland | 2014 | [75] | ||
Pave Clemens IIIs brev til geistlige i Norge | Norges eldste brev, pave Clemens IIIs brev til alle geistlige i Norge i 1189 | 1189 | Riksarkivet | 2014 | [76] | |
Brev frå kong Filippus Simonsson | Det eldste brevet på gamalnorsk, frå Filippus Simonsson om Hovedøya kloster | ca. 1207-1217 | Riksarkivet | 2014 | [77] | |
Arkivet etter Hjula Væveri | 1855-1957 | Norsk Teknisk Museum | 2014 | [78] | ||
Arkivet etter Arendals Turnforening | 1857-2011 | Aust-Agder kulturhistoriske senter | 2014 | [79] | ||
Oslonett 1993-94 | Nasjonalbiblioteket | 2014 | [80] | |||
Wilsearkivet | Arkivet etter Anders Beer Wilse | 1900-1949 | Norsk folkemuseum, Nasjonalbiblioteket, Norsk Teknisk Museum, Norsk Maritimt Museum, Preus museum | 2014 | [81] | |
Arkivet etter Trondheim priserett | 1808-1814 | Statsarkivet i Trondheim | 2014 | [82] Arkivert 2014-12-06 ved Wayback Machine. | ||
Arkivet etter Ruth Maier | 1933-1942 | Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter | 2014 | [83] | ||
Riksantikvarens og Fortidsminneforeningens teikningar av historiske bygningar | 1820-2007 | Riksantikvaren | 2014 | [84] | ||
Arkiva etter Bergen havnevesen | 1735-2012 | Bergen byarkiv | 2014 | [85] | ||
Handelshusarkiva i Halden | 1653-1960 | Østfoldmuseene - Halden historiske Samlinger | 2014 | [86] | ||
Arkivet etter Alvøens Papirfabrik | 1798-1981 | Lokalhistorisk Arkiv i Bergen | 2014 | [87] | ||
Arkivet etter Colin Archer | 1868-1921 | Foreningen Larvik Sjøfartsmuseum | 2014 | [88] | ||
Conrad Schwachs selvbiografi fra tidlig 1800-tallet | 1790-1830 | Aust-Agder museum og arkiv | 2016 | [89] | ||
Den første norske løva | 1292 | Riksarkivet | 2016 | [90] | ||
Olavssekvensen fra middelalderen | Riksarkivet | 2016 | [91] | |||
Vinjeboka | Ca.1500 | Stiftelsen Oslo Katedralskole | 2016 | [92] | ||
Antikvitetskommisjonen av 1811 | Oppstarten av norsk kulturminnevern | 1811 | Kulturhistorisk museum | 2016 | [93] | |
Arkivet etter Akers mekaniske verksted | 1841-1982 | Norsk Teknisk Museum | 2016 | [94] | ||
Husmennene i Torpa | 1869 | Fylkesarkivet i Oppland | 2016 | [95] | ||
Sigrid Undsets arkiv | 1891-1949 | Nasjonalbiblioteket | 2016 | [96] | ||
Ingrid Bjerkås, første kvinnelige prest i den norske kirke | 1961 | Riksarkivet | 2016 | [97] | ||
Statoils første styreprotokoll | 1972-1975 | Statsarkivet i Stavanger, Norsk Olje- og gassarkiv | 2016 | [98] | ||
Seilskutearkivene fra Aust‐Agder 1820‐1920 | Arkivene inneholder et stort og omfattende materiale med stor dokumentasjonsverdi i nasjonal sammenheng. Seilskutearkivene fra Aust-Agder består tilsammen av 13 utvalgte arkiv som samlet dokumenterer bredden i de maritime næringer og deres betydning som historisk fenomen. Samlet står arkivene som representanter for Norge som sjøfartsnasjon i seilskutetiden. | 1820-1920 | Aust-Agder museum og arkiv | 2018 | [99] | |
Atlungstad Brænderis stiftelsesdokument 1855 | 1855 | Statsarkivet i Hamar | 2018 | [100] | ||
Arkivet etter Barselhjemsutstillingen 1916 | Utstillinga var først i sitt slag, og trer fram som en unik dokumentasjon av et virkemiddel innen sosialt reformarbeid og allmenn folkeopplysning. | 1916 | Norsk Teknisk Museum | 2018 | [101] | |
Kontrollbøker for evakuerte 1944-1951 | Arkivet dokumenterer tvangsevakuering av befolkninga som følge av den tyske nedbrenningen av Finnmark og Nord-Troms. | 1944-1951 | Riksarkivet | 2018 | [102] | |
Arkivet etter Oslo Hospital 1644-2000 | Arkivet omfatter Oslo Hospital med herberge, sinnssykeasyl, kirke og kirkegård. Arkivet vitner om viktige skifter innen psykiatrisk praksis og synet på psykisk sykdom fra Norges første sinnssykelov ble vedtatt i 1848 og til nyere tid. | 1644-2000 | Oslo byarkiv | 2018 | [103] | |
Stavik‐breva, ei transatlantisk brevveksling 1880‐1950 | Samlingen utgjør en unik brevveksling mellom to brødre på hver sin side av Atlanteren gjennom nesten 70 år | 1880-1950 | Romsdalsmuseet | 2018 | [104] | |
Gulatingslova ‐ Codex Rantzovianus | Gulatingslova er også den eldste kjente og bevarte lovsamlinga i dei nordiske landa og er skrive på norrønt, ikkje latin. | 1000 | Biblioteket i København | 2020 | [105] | |
Koleralasarettet i Bergen | Protokollene fra koleralasarettet i Bergen representerer en økt forståelse av smittsomme sykdommer i utvikling av en et norsk helsevesen på 1800-tallet. | 1848-1849 | Bergen byarkiv | 2020 | [106] | |
Bergens likbrendingsforening og Norges første krematorium | Kildene dokumenterer planene og byggingen av det første krematoriet i Norge, som ble åpnet på Møllendal i Bergen i 1907. | 1893-1914 | Bergen byarkiv | 2020 | [107] | |
Narve Skarpmoens lydopptak av norsk folkemusikk | Narve Skarpmoens lydopptak av norsk folkemusikk er de eldste lydfestinger av folkemusikk vi kjenner her til lands. De er også den første kjente lyddokumentasjonen av hardingfelespill. | 1903-1904 | Nasjonalbiblioteket | 2020 | [108] | |
Arkivet etter Robert Savosnick | Arkivet inneholder en stor mengde materiale knyttet til Robert Savosnick sitt virke som holocaust-tidsvitne, fra en av få norske jøder som overlevde de nazistiske utryddelses- og konsentrasjonsleirene. | 1893-1914 | HL-senterets arkivsamling | 2020 | [109] | |
Minnetavle av sisti reinskinn signert av H.M. Kong Olav V | Minnetavlen av sisti reinskinn som H.M. Kong Olav V signerte i forbindelse med åpningen av det første Sametinget 9. oktober 1989 består av et garvet reinskinn spent opp i en ramme på tradisjonelt vis. I ettertid er kongens signatur blitt sydd inn med tinntråd på skinnet for å bevare den. | 1989 | Sametingsbygningen i Karasjok | 2020 | [110]
|
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Om Memory of the World». Norsk kulturråd. Henta 28. november 2014.
- ↑ Dei nasjonale kriteria finst på nettstaden til Norsk kulturråd: pdf Arkivert 2014-11-29 ved Wayback Machine. Dei internasjonale kriteria finst på nettstaden til Unesco: General Guidelines for the Safeguarding of the Documentary Heritage
- ↑ «47 nominasjoner til Norges dokumentarv». Norsk kulturråd. Henta 29. november 2014.
- ↑ «Lansering av Noregs dokumentarv 2014». Norsk kulturråd. Henta 29. november 2014.
- ↑ Svartebok, Statoil og Sigrid Undset tatt opp i Noregs dokumentarv, www.kulturrådet.no, 09.12.2016
- ↑ Barsel, brennevin og evakuering blir del av Norges dokumentarv, www.kulturrådet.no, 07.12.2018
- ↑ Nominasjonen er gjort i samarbeid med Norsk rikskringkasting.
- ↑ Nominasjonen er gjort i samarbeid med Norsk rikskringkasting.
- Denne artikkelen bygger på «Norges dokumentarv» frå Wikipedia på bokmål, den 28. november 2014, revisjon 13523577. Oppdatert 13. august 2019 kl. 14:25 (CEST)