Norsk Presseforbund
Norsk Presseforbund | |||
Type | forening/lag/innretning | ||
---|---|---|---|
Org.nummer | 971435208 | ||
Skipa | 29. oktober 1910 | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Leiar | Eirik Hoff Lysholm | ||
Nettstad | https://presse.no/ |
Norsk Presseforbund er ein medlemsorganisasjon som har som føremål å vere eit fellesråd i etiske og redaksjonelle fagspørsmål for norske massemedium. Medlemar er sjølvstendige og frittståande organisasjonar innanfor mediaverda, Norsk Journalistlag (NJ), Norsk Redaktørforening (NR), Mediebedriftenes Landsforening (MBL), Norsk Forbund for Lokal-TV (NFL, no innlemma i MBL), NRK, TVNorge, TV3, TV 2, P4, Norsk Lokalradioforbund (NLR), Landslaget for Lokalaviser (LLA), Fagpressen, SBS Radio Norge, Ukepressen (MBL).
Presseforbundet skal fungere som sekretariat for Pressens Faglige Utvalg, og har som mål å fremje den etiske standarden, yrkesetikken og integriteten i norske medium, for med det å styrke og verne om ytringsfridomen, pressefridomen og informasjonsfridomen. Dersom medlemane finn det naturleg å opptre samla gjennom Presseforbundet, kan forbundet ta opp saker til førehaving og gje fråsegner. Men Presseforbundet kan ikkje gjere vedtak som er rettsleg bindande for medlemane.
Den daglege verksemda i Presseforbundet vert teke hand om av eit sekretariat i Oslo leia av ein generalsekretær under instruks og i samsvar med funksjonsskildring vedteke av styret i forbundet.
Forbundet vart skipa 28. oktober 1910.