Odvar Nordli
Odvar Nordli | |||
Odvar Nordli i 2007 Foto: Harry Wad | |||
Fødd | 3. november 1927 Stange kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 9. januar 2018 (90 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, revisor, embetsmann | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Alle verv |
|
Odvar Nordli (3. november 1927–9. januar 2018) var ein norsk politikar og medlem av Det norske Arbeidarpartiet. Han var statsminister i over fem år, frå 1976 til 1981.
Nordli var frå Stange i Hedmark og var utdanna revisor. Han vart statsminister etter Trygve Bratteli den 15. januar 1976 og sat til den 4. februar 1981 då Gro Harlem Brundtland overtok. Odvar Nordli vart den fyrste statsministeren som merka at Noreg hadde vorte ein oljenasjon. Det kom oljeinntekter inn på statsbudsjettet. Omstridde saker var NATO sitt dobbeltvedtak og vasskraftutbygginga i Alta-Kautokeinovassdraget.
Nordli vart i 1981 utnemnd til fylkesmann i Hedmark fylke, eit embete han hadde til han gjekk av med pensjon i 1993. Han var frå 1985 til 1993 medlem av Den norske Nobelkomitéen. Etter den andre verdskrigen tenestegjorde han i Tysklandsbrigaden.
Odvar Nordli vart utnemnd til kommandør av St. Olavs orden i 1994 for samfunnsnyttig verksemd.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]- Lengst sitjande norske statsministrar
- Norske statsministrar
- Norske regjeringar
- Odvar Nordli si regjering
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1927
- Døde i 2018
- Norske statsministrar
- Regjeringa Nordli
- Norske kommunalministrar
- Statsrådar i Regjeringa Bratteli I
- Ap-statsrådar
- Stortingsrepresentantar 1961-1965
- Stortingsrepresentantar 1965-1969
- Stortingsrepresentantar 1969-1973
- Stortingsrepresentantar 1973-1977
- Stortingsrepresentantar 1977-1981
- Stortingsrepresentantar 1981-1985
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Hedmark
- St. Olavs Orden
- Fylkesmenn i Hedmark
- Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen
- Norske revisorar
- Folk frå Stange