Oh, Boy! av The Crickets
Oh, Boy! Singel av The Crickets frå albumet The "Chirping" Crickets | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 27. oktober 1957 22. desember 1957 (UK) | |
Innspelt | 29. juni - 1. juli 1957, Clovis i New Mexico | |
Sjanger | Rock and roll, rockabilly | |
Lengd | 2:10 | |
Selskap | Brunswick 9-55035 | |
Komponist | Sonny West, Norman Petty, Bill Tilghman | |
Tekstforfattar | Sonny West, Norman Petty, Bill Tilghman | |
Låtskrivar(ar) | Sonny West, Bill Tilghman, Norman Petty | |
Produsent | Norman Petty | |
The Crickets-kronologi | ||
«That'll Be the Day» (1957) |
Oh, Boy! | «Maybe Baby» (1958)
|
«Oh, Boy!» er ein song skriven av Sonny West, Bill Tilghman og Norman Petty. Han vart opphavleg spelt inn av Sonny West seint i 1950-åra, men selde dårleg. Han vart seinare spelt inn av Buddy Holly and the Crickets mellom 29. juni og 1. juli 1957 i Petty Studios i Clovis i New Mexico, der Holly song solovokal og The Picks song korvokal. Songen er på formatet A-A-B-A med eit vers i 12-taktsblues og eit åtte taktar langt mellomspel. Holly spelte òg ein annan West-song, kalla «Rave On».)
Songen vart gjeven ut på albumet The "Chirping" Crickets og kom òg som A-sida på ein singel, med «Not Fade Away» som B-sida. Songen nådde tiandeplassen på den amerikanske singellista og tredjeplassen på den britiske lista tidleg i 1958.
Mud-versjonen
[endre | endre wikiteksten]«Oh Boy!» vart spelt inn av den britiske glamrockgruppa Mud. Denne versjonen låg to veker på toppen av UK Singles Chart i mai 1975.[1] Det var den tredje og siste listetoppen til bandet i Storbritannia. Han vart gjeven ut på albumet deira Mud Rock Volume 2, som nådde sjetteplassen på UK Albums Chart.[2]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Sonny West spelte inn ein demoversjon i februar 1957 som «All My Love». Denne vart gjeven ut i 2002.
- Paul Rich spelte han inn i 1958.
- Bobby Vee spelte inn songen i 1963.
- Jackie DeShannon gav ut ein versjon av songen på albumet hennar Breakin' It Up on the Beatles Tour! (1964).
- Pavel Bobek & Olympic gav ut ein versjon av songen i 1964.
- The Rivieras gav ut ein versjon av songen i 1964 på albumet Let's Have a Party.
- The Everly Brothers spelte inn songen i 1967.
- Skeeter Davis gav ut ein versjon av songen i 1967.[3]
- The Nitty Gritty Dirt Band gav ut ein versjon av songen i 1974 på albumet Stars & Stripes Forever.
- Songen var ein del av Phil Ochs sin «Buddy Holly Medley», som dekka fleire av Holly sine songar. Denne kom ut på konsertalbumet Gunfight at Carnegie Hall i 1974.
- Melanie gav ut ein versjon av songen i 1978.
- Songen vart «skapt på ny» som ein powerballade av Starbabies, og denne nådde Billboard Adult Contemporary-lista i 1979.
- Det virtuelle synthpopbandet Silicon Teens spelte songen i 1980 på albumet Music for Parties, der dei spelar rock and roll-klassikarar som New Wave-songar.
- The Shadows spelte inn songen i 1982.
- Wanda Jackson spelte inn songen i 1982.
- Sir Douglas Quintet spelte inn songen i 1983.
- Los Lobos spelte inn songen for filmen La Bamba i 1987.
- Alvin and the Chipmunks i 1989 i Alvin and the Chipmunks
- Det kristne punkrockbandet MxPx i 1995 på EP-en On the Cover.
- Connie Francis i 1996.
- The Stray Cats i 1996.
- Hank Marvin framførte ein instrumental versjon av songen for albumet Hank Plays Holly i 1996.
- Den irske songaren Daniel O'Donnell i 2004.
- John Prine med The Crickets i 2004.
- She & Him med Zooey Deschanel som solovokalit spelte inn ein cover av songen i 2011, for hyllestalbumet Rave On Buddy Holly.
- The Grateful Dead framførte sin versjon mange gonger på turneane sine. their version av songen many times while touring.
Norsk versjon
[endre | endre wikiteksten]Eldar Vågan og Johnny Paulsen skreiv ein norsk tekst til songen, kalla «Åbbor» for albumet Fem fyrer med ved av Vazelina Bilopphøggers i 1984.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oh, Boy! (The Crickets song)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Amburn, Ellis (1996). Buddy Holly: A Biography. St. Martin's Press. ISBN 978-0-312-14557-6.
- Bustard, Anne (2005). Buddy: The Story of Buddy Holly. Simon & Schuster. ISBN 978-1-4223-9302-4.
- Dawson, Jim; Leigh, Spencer (1996). Memories of Buddy Holly. Big Nickel Publications. ISBN 978-0-936433-20-2.
- Gerron, Peggy Sue (2008). Whatever Happened to Peggy Sue? Togi Entertainment. ISBN 978-0-9800085-0-0.
- Goldrosen, John (1975). Buddy Holly: His Life and Music. Popular Press. ISBN 0-85947-018-0
- Goldrosen, John; Beecher, John (1996). Remembering Buddy: The Definitive Biography. New York: Da Capo Press. ISBN 0-306-80715-7.
- Gribbin, John (2009). Not Fade Away: The Life and Music of Buddy Holly. London: Icon Books. ISBN 978-1-84831-034-6
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records. s. 495. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records. s. 382. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «Cover versions of Oh, Boy! by The Crickets». SecondHandSongs. Henta 4. februar 2018.
- Singlar frå 1957
- Buddy Holly-songar
- Songar skrivne av Norman Petty
- Songar skrivne av Sonny West
- Bobby Vee-songar
- Jackie DeShannon-songar
- The Everly Brothers-songar
- Skeeter Davis-songar
- Nitty Gritty Dirt Band-songar
- The Shadows-songar
- Wanda Jackson-songar
- Los Lobos-songar
- Alvin and the Chipmunks-songar
- Connie Francis-songar
- Stray Cats-songar
- Hank Marvin-songar
- Mud-songar
- Phil Ochs-songar
- Johnny Kidd and The Pirates-songar
- Cliff Richard-songar
- Songar frå 1957
- Grateful Dead-songar