Orientering
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå avisa Orientering.
Orientering er ei idrettsgrein som går ut på å springa, gå, sykla eller gå på ski i ulendt terreng, og orientera seg ved hjelp av kart og kompass. I eit orienteringsløp er det viktig å koma seg i mål fortast råd etter å ha vore innom markerte punkt i terrenget, såkalla postar. Orienteringsløparar skal finna kontrollpunkta, postane, i ei viss rekkefølgje, men skal sjølv fritt velja løypa si. I tillegg til å vera i god form er det altså viktig å kunne lesa kart og å planleggja den raskaste og minst energikrevjande løypa.
Meir hobbyprega orientering kan gå ut på å samla orienteringsmål, postar, i ro og mak. Dette kallast turorientering, og er ofte organisert som ein turkonkurranse.
Idrettsforma oppstod i Skandinavia på 1800-talet, som ein måte å trena soldatar på. Ho blei først ein konkurranseidrett i Sverige i 1919. Utviklinga av meir nøyaktige kompass i 1930-åra gjorde orientering meir populær, og den første noregsmeisterskapen blei arrangert i 1937. Norges Orienteringsforbund blei stifta 2. oktober 1945.
Idretten er blitt populær i Noreg, og er ein av sommarsportane der det norske landslaget har teke mange VM-medaljar. Rundt 30 000 nordmenn driv aktivt med orientering.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ naturtips.tbt.no, arkivert frå originalen 5. mars 2005, henta 24. januar 2005
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Turorientering Arkivert 2017-07-19 ved Wayback Machine.