Hopp til innhald

Othello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Othello
The Tragedy of Othello, The Moor of Venice

Forfattar(ar)William Shakespeare
Språktidlig moderne engelsk
Tilverting1604
Sjangertragedie
Utgitt1622

Othello (fullstendig tittel The Tragedy of Othello, the Moor of Venice) er eit tragisk drama av William Shakespeare som truleg blei skrive om lag 1603. Tema som kjærleik, sjalusi, truskap, forræderi og rasisme har gjort stykket aktuelt og populært over lang tid, og det blir stadig nyoppsett. Othello har også inspirert opera og, film.

Tittelsida til Othello-manuskriptet som blei gjeve ut i 1622.

Stykket byggjer på den italienske novella «Un Capitano Moro» ('Ein maurisk kaptein') av Cinthio. Handlinga går føre seg i republikken Venezia og tek for seg tilhøva mellom den mauriske generalen Othello, kona hans Desdemona og Othello sine rådgjevarar Cassio og Iago.

Den første kjende oppføringa av dramaet fann stad 1. november 1604 i Banqueting House i Whitehall i London. Manuset blei først gjeve ut av Thomas Walkley i 1622, og var med i skodespelsamlinga First Folio i 1623.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikisource

Teksten til Othello ved Wikisource.

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Othello