Hopp til innhald

Permanent Vacation av Aerosmith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Permanent Vacation
Studioalbum av Aerosmith
Språk engelsk
Utgjeve 25. august 1987[1]
Innspelt Mars – mai 1987
Studio
Sjanger Pop metal
Lengd 51:46
Selskap Geffen
Produsent Bruce Fairbairn
Aerosmith-kronologi 
Done with Mirrors
(1985)
Permanent Vacation Pump
(1989)


Singlar frå Permanent Vacation
  1. «Hangman Jury»
    Utgjeve: 18. august 1987[2]
  2. «Dude (Looks Like a Lady)»
    Utgjeve: 22. september 1987[2]
  3. «Angel»
    Utgjeve: 5. januar 1988[2]
  4. «Rag Doll»
    Utgjeve: 3. mai 1988[2]
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[3]
Christgau's Record GuideC+[4]
Rolling Stone(unfavorable)[5]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[6]
Metal Forces(9.9/10)[7]

Permanent Vacation er det niande studioalbumet til det amerikanske rockebandet Aerosmith, gjeve ut av Geffen Records den 25. august 1987.[8] Albumet markerer overgangen bandet gjorde til ein pop-metall-stil som dei skulle behalda fram til Just Push Play i 2001.[9]

Det vart gitt ut tre hitsinglar frå albumet, «Dude (Looks Like a Lady)», «Angel» og «Rag Doll». Det var det første albumet deira der dei brukte låtskrivarar utanfor bandet, i staden for å ha songar berre komponert av bandet sjølv.[5] Dette kom etter forslag frå direktøren John Kalodner. Han pressa òg bandet til å jobba med produsenten Bruce Fairbairn, som heldt fram med å vere med dei i to album til. Det var òg det første Aerosmith-albumet som vart promotert tungt med musikkvideoar på MTV. Sjølv om Done with Mirrors var meint å markera comebacket til Aerosmith, blir Permanent Vacation ofte rekna som det verkelege comebacket deira, ettersom det var det første verkeleg populære albumet deira sidan gjenforeininga. «Rag Doll», «Dude (Looks Like a Lady)» og «Angel» vart store hittar (alle tre på topp 20) og bidrog til at Permanent Vacation vart den største suksessen til bandet på eit tiår.

Permanent Vacation har selt over fem millionar eksemplar i USA.[10]

I Storbritannia var det det første Aerosmith-albumet som oppnådde både sølv- (60 000 selde einingar) og gullplate (100 000 selde einingar) av British Phonographic Industry, høvesvis i juli 1989 og mars 1990.[11]

Albumet fekk blanda til positive meldingar. I ei retrospektiv vurdering gav AllMusic albumet fire stjerner, og sa «trass i den for det meste fantastiske låtskrivinga, som gjer det til ein sterk innsats generelt, har nokre av krikane og krokane på albumet ikkje elda så bra på grunn av den overdrivne produksjonen til Fairbairn, med ein overdriven glattheit som er typisk for dei fleste pop-metal-album frå midten av 80-talet».[3] Dave Reynolds frå magasinet Metal Forces kalla albumet «eit dritheitt album og eit kjem til å spele fanden ut av».[7] Robert Christgau gav albumet karakteren C+, og sa at Aerosmith var «i ferd med å gå tom for drivstoff igjen».[4]

Loudwire rangerte albumet som det sjette beste albumet til Aerosmith og forklarte rangeringa med at «den overdådige 80-talsproduksjonen har definitivt gått ut på dato, men Permanent Vacation er framleis blant dei største musikalske comebacka gjennom tidene».[9] Loudersound plasserte albumet på lista si over dei 20 beste albuma frå 1987 og kalla det ei «samling av sublim pop-metall».[12]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Heart's Done Time»4:42
2.«Magic Touch»4:40
3.«Rag Doll»
4:21
4.«Simoriah»
  • Tyler
  • Perry
  • Vallance
3:21
5.«Dude (Looks Like a Lady)»
  • Tyler
  • Perry
  • Child
4:23
6.«St. John»Tyler4:12
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Hangman Jury»
  • Tyler
  • Perry
  • Vallance
5:33
2.«Girl Keeps Coming Apart»
  • Tyler
  • Perry
4:12
3.«Angel»
  • Tyler
  • Child
5:10
4.«Permanent Vacation»4:52
5.«I'm Down» (The Beatles cover)2:20
6.«The Movie»
4:00
Total lengd:51:46

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget[13] og AllMusic.[14]Mal:Reliable source Spornummera referer til CD og digitale utgåver av albumet.

Aerosmith

Andre medverkande

Produksjon

  • Bob Rock – lydteknikar
  • Ken Lomas – assisterande lydteknikar
  • George Marinomastering
  • Kim Champagne – kunstnarisk leiar
  • Andy Engel – illustrasjonar
  • Neal Preston – fotografi

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1987-1988) Plassering
Den australske albumlista (Kent Music Report)[15] 42
Canada Top Albums/CDs (RPM)[16] 16
Den japanske albumlista (Oricon)[17] 50
Britiske album (OCC)[18] 37
US Billboard 200[19] 11

Salstrofé

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[20] 5× Platina 500 000^
Japan (RIAJ)[21] Gull 100 000^
Storbritannia (BPI)[22] Gull 100 000^
USA (RIAA)[23] 5× Platina 5 000 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

  1. «RIAA certifications». Recording Industry Association of America. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Strong, Martin (2002) [First published in 1994]. The Great Rock Discography (Sixth utg.). Storbritannia: Canongate Books. ISBN 1-84195-312-1. 
  3. 3,0 3,1 Franck, John. Permanent Vacation av AerosmithAllmusic
  4. 4,0 4,1 Christgau, Robert (1990). «A». Christgau's Record Guide: The '80s. Pantheon Books. ISBN 0-679-73015-X. Henta 16. august 2020 – via robertchristgau.com. 
  5. 5,0 5,1 Frost, Deborah (22. oktober 1987). «Permanent Vacation». Rolling Stone. Henta 14. mai 2012. 
  6. «Review». Rolling Stone. Henta 21. april 2011. 
  7. 7,0 7,1 Reynolds, Dave (1987). «Aerosmith - Permanent Vacation». Metal Forces (25). Henta 5. juli 2012. 
  8. John Franck & Eduardo Rivadavia. «Permanent Vacation - Aerosmith > Overview». AllMusic. Henta 15. november 2010. 
  9. 9,0 9,1 Rivadavia, Eduardo (28. februar 2017). «Aerosmith Albums Ranked». Loudwire (på norsk). Henta 16. mars 2021. 
  10. «Recording Industry Association of America». RIAA. Arkivert frå originalen 18. oktober 2015. Henta 14. mai 2023. 
  11. «Søk etter «Aerosmith»». Bpi.co.uk. Henta 14. mai 2023. 
  12. «De 20 beste albumene fra 1987». loudersound (på norsk). 9. oktober 2018. Henta 13. april 2021. 
  13. Big Ones (CD insert). Aerosmith. United States: Geffen Records. 1994. GEFD-24716. 
  14. «Permanent Vacation - Aerosmith > Credits». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 15. november 2010. 
  15. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  16. "Top RPM Albums: Nummer 0907". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 8. mai 2023.
  17. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005 (på japansk). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  18. "Aerosmith | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 6. mai 2023.
  19. "Aerosmith Album & Song Chart History" Billboard 200 for Aerosmith. Prometheus Global Media. Henta 6. mai 2023.
  20. «Canadian album salstrofé – Aerosmith – Permanent Vacation». Music Canada. 
  21. «Japanese album salstrofé – エアロスミス – パーマネント・ヴァケイション» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. 
  22. «British album salstrofé – Aerosmith – Permanent Vacation». British Phonographic Industry.  Enter Permanent Vacation in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  23. «American album salstrofé – Aerosmith – Permanent Vacation». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH