Hopp til innhald

Pianokonsert nr. 10 av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pianokonsert nr. 10 i Ess-dur
K. 365/316a
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1779
Typisk lengd24:55
Satsar/akter3
ToneartEss-dur
Instrumenteringpiano

Konsert nr. 10 i Ess-dur for to piano, K. 365/316a, av Wolfgang Amadeus Mozart vart skriven i 1779. Mozart skreiv han for å spele han i lag med systera Maria Anna («Nannerl»). Han var 23 år gammal og det var like før han reiste frå Salzburg til Wien.

Konserten er instrumentert for to piano i lag med to oboar, to fagottar; to horn og strykarar. Stykket er i tre satsar:

  1. Allegro 4/4
  2. Andante B-dur 3/4
  3. Rondo: Allegro 2/4

Konserten skil seg frå ein vanleg konsert for solopiano med ein dialog mellom dei to piano som utviklar musikalske idear.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]