Politiske parti i Noreg
Norske politiske parti voks fram etter at parlamentarismen vart innført i 1884. Venstre var det første norske partiet, medan Høgre følgde like etter.
Parti som vil bli registrerte i det offentlege Partiregisteret, må om dei ikkje fekk minst 500 stemmer i eit fylke eller 5000 røyster totalt ved siste stortingsval, leggje fram ei lista med 5000 underskrifter som støttar partidanninga. Partiet kan då stilla til val i alle fylke og kommunar, og har einerett på partinamnet dei har registrert seg med. Tilsvarande reglar gjeld dersom eit parti ønskjer å endre partinamn.
Stortingsparti
[endre | endre wikiteksten]Dette er parti som er eller har vore representerte i Stortinget, og som framleis stiller til val. Sjå lenger nede for tidlegare stortingsparti.
- Det norske Arbeidarpartiet (Ap/DNA)
- Framstegspartiet (Frp)
- Høgre (H)
- Kristeleg Folkeparti (KrF)
- Kystpartiet var på Stortinget frå 1997 til 2005, har ein ordførar
- Miljøpartiet Dei Grøne (MDG)
- Noregs Kommunistiske Parti (NKP) har ikkje vore på Stortinget etter 1967
- Senterpartiet (Sp)
- Sosialistisk Venstreparti (SV)
- Venstre (V)
- Raudt (R)
Politiske parti
[endre | endre wikiteksten]Parti som ikkje er på Stortinget, men som er representerte i kommunestyre og /eller fylkesting
- Demokratane
- Kristent Samlingsparti er representert i kommunestyret i Kautokeino 2007-11
- Pensjonistpartiet (PP)
- Radikale Sosialister er representerte i kommunestyret i Åsnes 2007-11
- Samefolkets parti
Andre
[endre | endre wikiteksten]Denne lista inneheld mindre parti som ikkje er representerte i folkevalde organ, og tidlegare parti som har stilt til val i Noreg.
- Abortmotstandernes liste har stilt til stortingsvala i 2005 og 2009.
- Arbeiderdemokratene/Radikale Folkeparti (1901-40)
- Arbeidernes Kommunistparti stilte til val gjennom Raud Valallianse, nedlagd i 2007.
- Avholdspartiet (1907-33)
- Centrum (1894-1900)
- Demokratiske Sosialistar (1973-1976)
- Ensliges parti (1973-77)
- Fedrelandspartiet (1990-2008)
- Folkeavstemningspartiet/Tverrpolitisk Liste
- Framstegspartiet (1957)
- Frihetsvernet (1965)
- Frisinnede Venstre (1909-36)
- Hortenpartiet (1999-2003)
- Kristent Konservativt Parti
- Kvit Valallianse (1995-97)
- Liberale Folkeparti (1957)
- Det Liberale Folkepartiet (1972-88)
- Det Liberale Folkepartiet vart skipa i 1992 og har aldri hatt representantar i folkevalde organ
- Det liberale parti (1903)
- Moderate venstre (1888-1906)
- Naturlovpartiet vart skipa i 1992 og har aldri hatt representantar i folkevalde organ
- Nasjonalalliansen
- Nasjonal Samling (1933-45)
- Den Nationale Legion (1928)
- Norges demokratiske parti
- Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti (1921-27)
- Norsk Folkeparti
- Det Politiske Parti
- Raud Valallianse (1991-2007) hadde ein representant på Stortinget i perioden 1993-97, innlemma i Raudt i 2007
- Reformpartiet vart skipa i 2004 og har aldri hatt representantar i folkevalde organ
- Reformpartiet (1974-75)
- Rettferdspartiet (1997-2003)
- Samfundspartiet (1933-49)
- Samfunnspartiet vart skipa i 1985 og har aldri hatt representantar i folkevalde organ
- Samlingspartiet (1903-06)
- Samlingspartiet Ny Fremtid (1993-98)
- Sentrumsalliansen vart skipa i 2007 og har aldri hatt representantar i folkevalde organ
- Sosialdemokratane
- Sosialistisk Folkeparti (1961-75)
- Tverrpolitisk Kyst- og Distriktsparti
- Verdipolitisk parti vart skipa i 2009. Partiet har ikkje vorte vald inn i folkevalde organ