Pulp Fiction
Pulp Fiction er ein amerikansk film frå 1994 og var det store gjennombrotet for regissør og manusforfatter Quentin Tarantino. Den vann Gullpalmen ved Cannes filmfestival i 1994, og Oscar for beste manus i 1995. Filmen var også nominert til ei rekke andre Oscar-prisar, mellom andre beste film. Lenge hadde den rekorden for flest bannord i ein film (ordet «fuck» blir sagt 271 gonger), men vart 1999 gått forbi av South Park: Bigger, Longer & Uncut.
Heile handlinga i Pulp Fiction går føre seg i Los Angeles. Historia dreiar seg rundt fleire mindre historier som til slutt viklar seg saman. Filmen hoppar også fleire gonger fram og tilbake i tid. Tematikken er mellom anna stoffmisbruk og svindel i kriminelle miljø.
Eit anna særtrekk ved Pulp Fiction, som og er typisk for Tarantino sine filmar, er dei mange diskusjonane mellom rollefigurane om trivialitetar – som eksempelvis kvifor ein «quarter pounder»-burgar kallast «royale» i Frankrike, eller om hunden er eit skittent dyr eller ikkje.
Rolleliste
[endre | endre wikiteksten]Rolle | Skodespelar |
---|---|
Vincent Vega | John Travolta |
Jules Winfield | Samuel L. Jackson |
Butch Coolidge | Bruce Willis |
Mia Wallace | Uma Thurman |
Marsellus Wallace | Ving Rhames |
Winston Wolf | Harvey Keitel |
Ringo | Tim Roth |
Yolanda | Amanda Plummer |
Jimmie | Quentin Tarantino |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Pulp Fiction ved IMDb