Ringsaker kyrkje
Ringsaker kyrkje | |||
kyrkje | |||
Stad | Ringsaker, Hedmark | ||
---|---|---|---|
Lengd | Full lengde 40,3 m, skip 21,3 m, breidde med tverrskip 38,5 m m | ||
Periode | Romansk | ||
Arkitekt | Ukjent | ||
Teknikk | Mur, tønnekvelv i skip, krysskvelv i kor | ||
Material | Kalkstein | ||
Tårn | Over austre del av skipet | ||
Portal | Vestportalen har søyler og terningkapitel | ||
Kor | Med sakristi 14,5x15,9m | ||
Skip | Midtskip, sideskip, tverrskip | ||
Preikestol | 1704, Barokk, Lars Jensen Borg | ||
Døypefont | 1704, barokk, Lars Jensen Borg | ||
Altar | Altarskåp 1520-åra, Antwerpen Belgia. På utsida martyriar, på innsida Kristi liding, død og himmelfart , helgenar med attributtar. | ||
Ringsaker kyrkje 60°54′10″N 10°43′29″E / 60.90277778°N 10.72472222°E | |||
Wikimedia Commons: Ringsaker kirke |
Ringsaker kyrkje er ei steinkyrkje med både krossform og basilikaform[1] i Ringsaker kommune i Innlandet. Kyrkja stod ferdig kring midten av 1100-åra og er vigd til Heilag Olav. Tverrskipa vart lagt til og koret utvida i gotikk på 1200-talet, tårnspiret (64 m) vart reist i 1694. Stilistisk er kyrkja i slekt med Gamle Aker kyrkje, Nikolaikyrkja på Gran og den gamle domkyrkja på Hamar. Stilidealet var Hallvardskatedralen som låg nordaust for torget i Gamlebyen i Oslo.
Ronald Fangen er gravlagd ved Ringsaker kyrkje.
Bygget
[endre | endre wikiteksten]Byggverket er i kalkstein og har 400 godkjende plassar (Kyrkjebyggdatabasen oppgjev 300 plassar[2]). Kyrkja er prostesete i Ringsaker prosti og soknekyrkje for Ringsaker.
Tårnspiret når 64 meter over bakken og er bygd av Iver Helmen frå Gran i 1694. Det var ei viktig pilegrimskyrkje fram til reformasjonen då pilegrimsvandringane tok slutt. I nyare tid er den ofte vitja av vår tids pilegrimsvandrarar og andre turistar. Den er kjent for god akustikk og det er mange konsertar med klassisk kyrkjemusikk - kyrkja blir også brukt til innspelingar.
-
Mot koretFoto: Karl Brodowsky
-
Altarskåp frå ca. 1520Foto: Peter Fiskerstrand
-
Døypefont av Lars Borg (1704)Foto: Øyvind holmstad
-
Dåpshus frå RIngsaker kyrkje, no på Norsk FolkemuseumFoto: Anne Lise Reinsfelt
-
Det gamle orgelet på vestgalleriet, som no er fjernaFoto: Øyvind Holmstad
-
VeggmåleriFoto: Øyvind Holmstad
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Ekroll, Øystein, Stige, Morten, Havran, Jiri, Middelalder i stein bind 1 i serien Kirker i Norge, Oslo 2000, ISBN 82-91399-09-3
- Per Granverg (1995). «Ringsaker kirke». I Egil Enemo og Trond Røhnebæk. Kirker i Ringsaker. Brøttum, Furnes, Nes, Ringsaker og Veldre historielag. s. 25-36. ISBN 82-991756-8-2.
- Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Ringsaker kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 636. ISBN 82-7527-022-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Ringsaker kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Ringsaker kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Ekroll, Øystein (1997): Med kleber og kalk: norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget
- ↑ Ringsaker kyrkje på kyrkjebyggdatabasen lese 7. april 2013.