Hopp til innhald

Sennep

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sennep i ulike variantar:
øvst til venstre: kvite sennepsfrø frå Sinapis alba
øvst til høgre: kvt sennep, malt
i midten til venstre: vanleg bordsennep farga med gurkemeie
i midten til høgre: søt sennep frå Bayern
nederst til venstre: fin Dijon-sennep
nederst til høgre: grov fransk sennep laga hovudsakleg av svarte sennepsfrø.
Foto: Rainer Zenz

Sennep viser hovudsakleg til frø av ulike plantar i krossblomfamilien og matprodukt av desse frøa. Sennep kan brukast på ulike måtar, som heile frø, mole til pulver og blanda til sausar eller smakstilsetjing.

Kvit sennep blir laga av kvitsennep (Sinapis alba) medan svart sennep blir laga av svartsennep (Brassica nigra). Vidare kan ein laga sareptasennep av Brassica juncea og salatsennep av rucolasalat. Levantisk sennep får ein av Cleome-arta, som høyrer til kapersfamilien.

  • «Sennep» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 9. november 2013.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sennep