Hopp til innhald

Sloboda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tysk sloboda i Moskva på 1600-talet.

Sloboda (russisk слобода́) var ein slag busetnad i Russland, Kviterussland og Ukraina. Namnet kjem av det tidlege slaviske ordet for 'fridom' og kan omtrent omsetjast til 'fri busetnad'.[1]

Statusen til ein sloboda har variert frå tid til tid og frå stad til stad. Opphavleg var ein sloboda ein bustnad som fekk skatteletter av forskjellige årsaker. Slik skattelette kunne til dømes vera ei oppmuntring til kolonisering.[2]

Mange slobodaer var busetnader i nykoloniserte land, særleg av kosakkar. Enkelte slobodaer var delar av byar. På byrjinga av 1700-talet vart desse privilegia avskaffa og slobodaer vart vanlege landsbyar, sjtetlar, småbyar og forstader. Uttrykket er bevart i namna til forskjellige busetnader og bydelar. Liknande busetjingar fanst i Valakia og Moldavia med namnet slobozie/slobozia.

  1. «Sloboda», Brockhaus and Efron Encyclopedic Dictionary (1890-1906). Russisk, oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. «Selitba», Brockhaus and Efron Encyclopedic Dictionary (1890-1906). Russisk, oppgjeve av Engelsk Wikipedia.