Statsstipendiat
Statsstipendiat er ei norsk stilling som etter søknad og innstilling frå Kulturdepartementet blir tildelt av Stortinget i samband med ordskifet om årets statsbudsjett. Stipendet blir utbetalt til stipendiaten oppnår pensjonsalder, for tida 67 år (2005).
Statsstipend blir gjeve som støtte til personar innanfor tverrfaglege eller uvanlege arbeidsfelt som er samfunnsmessig viktig, spesielt personar som på grunn av arbeidsområdet eller manglande formell kompetanse ikkje så lett kan få stillingar ved vitskapelege institusjonar eller kulturinstitusjonar. Tildeling av statsstipend skal normalt skje på fagleg grunnlag etter tilråding frå ein eller fleire kompetente personar som kjenner bakgrunnen og verksemda til kandidaten. (Statsråd Valgerd S. Haugland i brev til Stortinget 10.12.2001)
På 1800-talet vart fleire personar tildelt statsstipend av Stortinget for ulike forskingsarbeid. Ivar Aasen er eit døme på dette. Slike statsstipend finst ikkje lenger, tilsvarande stipend blir delt ut av Norsk forskningsråd og andre institusjonar. Statsstipendordninga vart endra etter Stortinget si nye rolle frå 1884 av. Blant dei første statsstipendiatane i nyare tyding har vi t.d. etnografen Andreas M. Hansen 1908 og Frederik Macody Lund frå året etter. Frå nyare tid er eit kjent døme røyrleggjar Erling Johansen frå Østfold, han oppdaga som amatørarkeolog ei mengd nye helleristningar. Han vart utnemnd av Stortinget til statsstipendiat i 1950. Dagens statsstipend kan vi sjå på som ei støtte til uavhengig, fri verksemd for kultur, samfunn og vitskap.
Lønnsvilkår
[endre | endre wikiteksten]Statsstipendiatordninga vart i løpet av 1999 grundig drøfta i Kulturdepartementet i samarbeid med Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet. Resultatet vart lagt fram i St.prp. nr. 1 (1999-2000) og Stortinget hadde ikkje merknader til opplegget. Det er utarbeidd retningsliner for ordninga. Stipendiatenes økonomiske kår vart betra ved at alle stipendiatane som var under pensjonsalder og som hadde hatt såkalla beløpstipend, vart overført til stipend tilsvarande l.tr. 33 på statens regulativ og innmeldt i Statens pensjonskasse. Vidare vart det bestemt at alle stipendiatane utom pensjonistane skal ha stipendbeløp som følgjer kode 1017 Stipendiat, eller i spesielle tilfelle kode 1378 Stipendiat, i statens lønnsplanar for å få del i den generelle lønnsutviklinga på regulativet. (Frå Kulturdepartementets budsjettproposisjon for 2001)
Liste over statsstipendiatar (2006)
[endre | endre wikiteksten]År for utnemninga i parentes.
Utnemnd 2010-
[endre | endre wikiteksten]- Erling Borgen, journalist, regissør og produsent (2014)
- Karoline Frogner, fotograf og forfattar (2014)
- Mari Boine, artist (2013)
- Morten Jostad, dramatikar (2013)
- Peter Normann Waage, forfattar (2013)
- Edvard Hoem, forfattar (2012)
- Annemor Sundbø, tekstilkunstnar (2012)
- Kirsten Bråten Berg, folkemusikar (2011)
- Per Haave, historikar (2011)
- Elias Akselsen, songar og tradisjonsbevarer (2010)
- Lars Borgersrud, historikar (2010)
Utnemnd 2000-2009
[endre | endre wikiteksten]- Tore Berg (2009)
- Helgard Mahrdt, litteraturvitar og filosof (2009)
- Tor Bomann-Larsen, forfattar og teiknar (2009)
- Petter Ringen Johannessen, krigshistorikar, forfattar, lærar (2008)
- Wenche Blomberg, bibliotekar, kriminolog, kulturarbeidar, forfattar (2008)
- Hans Kristian Bukholm, film- og kulturvernarbeidar (2008)
- Jan Knutzen, dokumentarfilmskapar og filmhistorikar (2008)
- Walid al-Kubaisi, forfattar, omsetjar og skribent (2007)
- Morten Wessel Krogstad, kulturvernarbeidar (2007)
- Britt Karin Larsen, forfattar (2006)
- Guttorm Rogdaberg, kulturvernarbeidar (2006)
- Eugene Schoulgin, forfattar, PEN-aktivist (2006)
- Bjørn Stendahl, jazzhistorikar (2006)
- Ragnar Andersen, teolog (2005)
- Aage Hauken, patar og forfattar (2005)
- Åge Haavik, samlebokredaktør (permisjon frå ordninga) (2005)
- Amy Lightfoot, kulturvernarbeidar (2005)
- Arild Stubhaug, forfattar og biograf (2005)
- Per Arne Dahl, prest og forfattar (2004)
- Tormod Haugen, barnebokforfattar (2004)
- Marianne Heske, biletkunstnar (2004)
- Nina Karin Monsen, filosof og forfattar (2004)
- Thorvald Steen, forfattar (2004)
- Eystein Eggen, forfattar (2003)
- Egil Kapstad, jazzmusikar (2003)
- Else Rønnevig, bygningsvernentusiast (2003)
- Solveig Bøhle, journalist (2002)
- Torunn Ystaas, forfattar (2002)
- Sverre Ødegaard, museumsarbeider frå Røros (2002)
- Jon Fosse, forfattar og dramatikar (2001)
- Else-Britt Nilsen, teolog og priorinne i Dominikanerordenen (2001)
Utnemnd 1990-1999
[endre | endre wikiteksten]- Sigmund Kvaløy Setreng, økofilosof og gardbrukar (1999)
- Sondre Bratland, folkemusikar (1997)
- Lars Roar Langslet, idehistorikar, skribent (1997)
- Johannes Bergh, jazzhistorikar (1996)
- Valerij Berkov, russisk-filolog (1996)
- Sverre Dahl, omsetjar (1996)
- Wera Sæther, forfattar (1996)
- Turid Farbregd, forfattar og finsk-filolog (1995)
- Jiri Hlinka, pianist (1995)
- Axel Jensen, forfattar (1995)
- Jørund Gåsemyr, matematikar og handicapidrettsutøvar (1994)
- Egil Sinding-Larsen, bygningshistorikar (1994)
- Nils-Aksel Mjøs, teolog (1994)
- Arvid Hanssen, forfattar (1993)
- Sidsel Mørck, forfattar (1993)
- Mikal Urheim, lulesamisk språkforkjempar (1993)
- Hans Kristian Eriksen, forfattar (1992)
- Helge Irgens Høeg, pollenanalytikar, m.a. innanfor arkeologi (1992)
- Dag Skogheim, forfattar og kulturhistorikar (1992)
- Judith Vogt, dansk-norsk idehistorikar (1992)
- Jan Erik Vold, forfattar og kritikar (1992)
- Elisabeth Aasen, forfattar, kvinnehistorikar (1992)
- Hallvard T. Bjørgum, folkemusikar (1991)
- Frank Bjerkholt, utenrikskorrespondent (1990)
- Dagne Groven Myhren, litteraturprofessor, folketonesangar (1990)
- Kjell Risvik, omsetjar (1990)
- Frode J. Strømnes, professor i psykologi (1990)
Utnemnd 1980-1989
[endre | endre wikiteksten]- Knut Buen, folkemusikar, folkekunstformidlar (1989)
- Olav Albert Christophersen, biolog, epidemolog (1989)
- Ivar Eskeland, skribent og kåsør (1989)
- Brynjulf Fosse, papir- og papyruskonservator (1989)
- Karen-Christine Friele, forfattar og homoaktivist (1989)
- Sven Nyhus, folkemusikar, professor (1989)
- Finn Sollie, forsker innanfor sikkerhetspolitikk (1989)
- Kåre Svebak, teolog, nord-norsk kirkehistorie (1989)
- Knut Ødegård, forfattar (1989)
- Erik Dammann, forfattar og miljøaktivist (1988)
- Iver Jåks, biletkunstnar (1988)
- Aleksander Kan, filolog (1988)
- Kjell Bækkelund, musikar (1987)
- Odd Eidem, forfattar (1987)
- Pål Hougen, kunsthistorikar (1987)
- Hans Lindkjølen, samehistorikar (1987)
- Martin Nag, skribent, litteraturhistorikar (1987)
- Ørnulf Hodne, folkeminneforskar (1986)
- Georg Johannesen, forfattar, professor (1986)
- Lillemor Johnsen, respirasjonsterapeut (1986)
- Øistein Parmann, forfattar og forleggar (1986)
- Bjørn Stabell, psykolog (1986)
- Ulf Stabell, psykolog (1986)
- Gidske Anderson, journalist, skribent (1985)
- Fredrik Barth, sosialantropolog (1985)
- Nils Ellingsgard, kulturvernar og -formidlar innanfor rosemåling (1985)
- Helge Hognestad, teolog (1985)
- Liv Dommersnes, skodespelar (1984)
- Thor Heyerdahl, reisande, amatørarkeolog og -etnograf (1984)
- Åge Rønning, forfattar (1984)
- Olav Aspelund, sivilingeniør (1983)
- Mentz Schulerud, forfattar, teatersjef og kåsør (1983)
- Kjell Aartun, lingvist (1983)
- John Brandrud, filolog, universitetsbibliotekar (1982)
- Kari Elisabeth Børresen, idéhistorikar, kvinneteologihistorikar (1982)
- Odd Solumsmoen, litteraturkritikar (1982)
- Ada Polak, kunsthistorikar (1981)
- Odd Bakkerud, folkemusikar (1980)
- Odd Brochmann, arkitekt, professor (1980)
- Ivar Orgland, lyrikar og omsetjar (1980)
- Arnulv Sudmann, redaktør Norsk Allkunnebok og språkbyråkrat (1980)
Utnemnd 1970-1979
[endre | endre wikiteksten]- Otto Blehr, folkeminnesamlar (1978)
- Halvard Grude Forfang, lærar (1978)
- Peter Wessel Zapffe, filosof (1978)
- Nils Hallan, historikar (1977)
- Philip Houm, litteraturhistorikar (1977)
- Anne Stine Ingstad, arkeolog (1977)
- Per Bjørnstad, matematikar (1976)
- Svein Ellingsen, salmediktar (1976)
- Tønnes Sirevåg, skolemann (1976)
- Arne Dørumsgaard, lyrikar og omsetjar (1975)
- Olav Flo, bibliograf (1975)
- Hartvig W. Dannevig, sjøfartshistorikar (1974)
- Edvard Ruud, forfattar og folkeminnesamlar (1974)
- Hans J. Henriksen, samekonsulent (1973)
- Gabriel Øidne, geograf (1973)
- Henning Gran, kunsthistorikar (1972)
- Else Christie Kielland, målar (1972)
- Ragnar Ulstein, krigshistorikar (1972)
- Finn Carling, forfattar (1971)
- Milada Blekastad, litteraturhistorikar (1970)
- Helge Ingstad, forfattar og eventyrar (1970)
Utnemnd 1950-1969
[endre | endre wikiteksten]- Sverre Hartmann, krigshistorikar (1968)
- Otto Chr. Dahl, misjonshistorikar (1967)
- Leif Jarmann Wilhelmsen, kulturbyråkrat (1967)
- H.O. Christophersen, historikar (1965)
- Nic. Stang, kunsthistorikar (1964)
- Jeremi M.F. Wasiutynski, astronom (1964)
- Yngvar Hauge, forfattar (1963)
- Trygve Mathisen, forsker innanfor sikkerhetspolitikk (1963)
- Olav Dalgard, kunst- og litteraturhistorikar (1961)
- Asgaut Steinnes, riksarkivar (1961)
- Per Fokstad, skolemann, samisk språkforkjempar (1960)
- Arne Odd Johnsen, historikar (1958)
- Nils A. Ytreberg, historikar (1958)
- Hans Henrik Holm, lyrikar (1957)
- Lars Reinton, etnolog (1957)
- Kristian Kildal, målar (1956)
- Axel Otto Normann, avismann, teatersjef (1955)
- Sigmund Torsteinson, bevarer av Troldhaugen (1955)
- Knut Hermundstad, folkehøgskolelærar, folkeminnesamlar (1954)
- Inge Krokann, forfattar (1954)
- Herman Leopoldus Løvenskiold, heraldikar (1952)
- Magnus Olsen, namnegranskar (1952)
- Ingebrigt Christopher Grøndahl, litteraturhistorikar (1950)
- Erling Johansen, selvlært arkeolog (1950)
- Reidar Øksnevad, journalist, bibliograf (1950)
Utnemnd 1920-1949
[endre | endre wikiteksten]- Vilhelm Bjerknes, meterolog (1949)
- Arne Bjørndal, folkemusikksamlar (1949)
- Rolv Thesen, litteraturhistorikar (1949)
- Rolv Laache, historikar og Wergeland-biograf (1947)
- Bjarne Aagaard, fangsthistorikar (1941)
- Bernhard Færøyvik, kysthistorikar (1938)
- Ingjald Nissen, filosof og psykolog (1938)
- Olav Sannes, lokalhistoriker mm (1934)
- Idar Handagard, lege, botanikar, avhaldsagitator (1932)
- Carsten E. Borchgrevink, Antarktisfarar og -historikar (1929)
- Ivar Mortensson-Egnund, teolog, forfattar (1929)
- Frederik Macody Lund, historikar (1929)
- Otto Sverdrup, polfarar, som nasjonalgåve (1926)
- Alexander Seippel, bibelomsetjar (1923)
- Axel Drolsum, bibliotekar (1922)
- Albert Kjær, stedsnamngranskar (1922)
- Matti Aikio, forfattar (1921)
- Albert Joleik, lokalhistorikar, redaktør (1921)
- Halfdan Arneberg, folkekunsthistorikar (1921)
- Gerhard Gran, litteraturhistorikar (1920)
- Just Qvigstad, samla samisk språk og folkeminne (1920)
Utnemnd 1876-1919
[endre | endre wikiteksten]- Oluf Kolsrud, kirkehistorikar (1919)
- Thomas Parr, psykologi (1919)
- Hans Reynolds, journalist, skribent (1919)
- Tov Flatin, lokalhistorikar og folkeminnesamlar (1918)
- Thomas Georg Münster, entomolog (1918)
- G. O. Sars, havforskar (1918)
- Olai Skulerud, dialektsamlar (1918)
- Richard Eriksen, filosof (1917)
- Jon Laberg, lokalhistorikar (1917)
- Edvard Langset, folkeminnesamlar (1917)
- Anders Nummedal, arkeolog (1917)
- Olaf Olafsen, teolog, kulturhistorikar (1917)
- Jørgen Reitan, lærar, dialektsamlar (1917)
- Ole Knutsen Ødegaard, ordførar, lokalhistorikar (1917)
- Torstein Høverstad, skolehistorikar (1916)
- Alexander Bugge, historikar (1914)
- Adolf Fonahn, medisinhistorikar, orientalist (1914)
- Torleiv Hannaas, filolog, professor (1914)
- Eugen Jørgensen, botanikar (1914)
- Torkell Mauland, folkeminnesamlar (1914)
- Erik Vullum, journalist, folketalar (1914)
- Roald Amundsen, polfarar, som nasjonalgåve (1913)
- Kristian Birch-Reichenwald Aars, filosof (1913)
- Kristian Østberg, jurist og folklorist (1912)
- Lorens Berg, folkeminnesamlar (1911)
- Jacob Aaland, lokalhistorikar (1911)
- Ivar Kleiven, folkeminnesamlar, lokalhistorikar (1909)
- Johan Meyer, folkekunsthistorikar (1909)
- Steinar Schjøtt, ordbokredaktør (1909)
- Sigurd Einbu, astronom (1908)
- Thorbjørn Frølich, teolog, samfunnsøkonom (1908)
- Andreas Hansen, geolog og etnograf (1908)
- Georg Reiss, komponist, musikkhistorikar (1908)
- Søren Anton Sørensen, historikar (1908)
- Amund B. Larsen, dialektforskar (1901)
- Catharinus Elling, folkemusikksamlar (1899)
- Olav Sande, folkemusikksamlar (1899)
- Ole Andreas Øverland, historikar (1898)
- Johannes Skar, folkeminnesamlar (1897)
- Andreas Aubert, kunsthistorikar (1895)
- Jørgen Alexander Knudtzon, assyriolog (1894)
- Wilhelmine Brandt, genealog (1893)
- Johannes Belsheim, teolog (1880)
- Hans Ross, ordbokredaktør (1877)
- Johannes M. Norman, forstmeister, botanikar (1876)