Stranda Idrottslag
Utsjånad
Stranda Idrottslag er eit idrettslag i Stranda i Møre og Romsdal, stifta 15. august 1914. Laget har grupper som er aktiv i fotball, friidrett, handball og skiidrett; alpine greiner og langrenn. Klubblaga spelar i blå trøyer og raude bukser.
Skialpinistar som Bjarne Solbakken og Eli Hårdnes er dei mest kjende utøvarane i Stranda IL.
Fotballaget har jamnast veksla mellom å spele på nivå fem og fire i det norske seriesystemet. Stranda IL tok seg i 1983-sesongen til 3. runde i fotball-NM, der laget fekk besøk av Vålerenga. Leiarlaget i norsk 1. divisjon vann 2-0. Stranda slo ut Aalesunds Fotballklubb i 1. runde og Sunndal Idrettslag i 2. runde.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Stranda Idrottslag» frå Wikipedia på bokmål, den 20. mai 2016.