Hopp til innhald

Street Hassle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Street Hassle
Studioalbum av Lou Reed
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1978
Innspelt Mars - oktober 1977
Studio Record Plant i New York City
Spelestad konsertopptak i München i Tyskland
Sjanger Rock, punk rock
Lengd 36:15
Selskap Arista
Produsent Lou Reed, Richard Robinson
Lou Reed-kronologi 
Walk on the Wild Side: The Best of Lou Reed
(1977)
Street Hassle Live: Take No Prisoners
(1978)


Street Hassle er det åttande studioalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i februar 1978 på Arista Records. Richard Robinson og Reed produserte albumet. Det er det første kommersielt utgjevne popalbumet som nytta binaural innspelingsteknologi.[1] Street Hassle består av både konsertopptak (med ekstraspor lagt oppå i studio) og studioopptak.

Produksjon

[endre | endre wikiteksten]

Ale songane på Street Hassle vart skrivne av Reed, inkludert «Real Good Time Together», eit spor datert attende til dagane hans som medlem av The Velvet Underground. Reed byrja på innspelinga av eit konsertalbum i München og Ludwigshafen i Vest-Tyskland. I motsetnad til dei fleste konsertalbum er publikum fullstendig fjerna frå lydmiksen. Då han kom attende til USA i august 1977 sa Arista Records at dei ikkje ønskte eit konsertalbum av Reed, og han gjekk i studio i New York for å spele inn studiodelen av albumet. Produsenten Richard Robinson slutta så på prosjektet etter ein krangel i studio. Reed ønskte å halde fram å flytta til Record Plant i lag med lydteknikaren Rod O’Brien.[2]

Arista-direktøren Clive Davis oppfordra Reed til å fokusere og utvide tittelsporet, «Street Hassle», som førte til ein song i tre delar med ei lengd på 11 minutt. Det var den einaste songen som vart fullstendig skriven og spelt inn i studio, med ein tekst av Reed som enda med «Tramps like us, we were born to pay». Etter at lydteknikaren meinte at linja høyrte til nokon andre, drog dei begge opp ein etasje, der Bruce Springsteen arbeidde på det fjerde albumet sitt, seinare kalla Darkness on the Edge of Town. Ikkje berre let Springsteen Rede få nytte frasen frå «Born To Run», han song personleg linja etter ønske frå Reed. Opptaket vart gjort på eitt til to forsøk.[2][3] Springsteen vart ikkje oppført i plateomslaget for å ha sunge linja på Street Hassle, fordi han var under kontrakt med Columbia Records.[4]

Binaural innspeling

[endre | endre wikiteksten]
Eit hovud nytta for binaural innspeling, liknande til slik det vart gjort på Street Hassle

Innspelinga av Street Hassle var kjend for at Reed og medprodusenten hans valde å bruke ein eksperimentell mikrofonteknikk kalla binaural innspeling.[1] I binauralinnspeling vert to mikrofonar plasserte i studio i eit forsøk på å etterlikne stereolyden for nokon som faktisk er i same rommet som artistane og instrumenta. For innspelinga og konsertopptak til Street Hassle, nytta lydteknikarar ein mannekengdukke med mikrofonar på kvart øyre. Binaurale innspelingar er vanlegvis berre effektive når lyttaren høyrer på albumet med hovudtelefonar, og fungerer ikkje like effektivt gjennom stereohøgtalarar.

Det binaurale innspelingssystemet som Reed nytta vart utvikla av Manfred Schunke frå det tyske selskapet Delta Acoustics. Schunke står oppført som lydteknikar på Street Hassle. Reed fortsette å bruke binaurale innspelingar på to album til, konsertalbumet Live: Take No Prisoners i 1978 og studioalbumet The Bells i 1979.

Songar og komposisjon

[endre | endre wikiteksten]

Street Hassle inneheld ein song som opphavleg vart skriven av Reed medan han var i The Velvet Underground, i dette tilfellet «Real Good Time Together», som tidlegare hadde kome ut i 1974 på 1969: The Velvet Underground Live. «Dirt» handlar visstnok om den tidlegare manageren hans, Steve Katz.

AllMusic-redaktøren Mark Deming har skrive at «tittelsporet, eit poetisk tonedikt i tre satsar om livet i gatene i New York, er eit av dei mest dristige og sterkt rørande augneblinka i solokarrieren til Reed.»[5] Biografen Anthony DeCurtis skreiv at albumet i stor grad var motivert av og representerte slutten av det tre år lange forholdet mellom Reed og Rachel Humphreys, ei transkvinne ein trur døydde av AIDS i 1990.[6] DeCurtis oppsummerte tittelsporet som «eit slags rekviem for forholdet til Reed og Rachel.»[7] I ein artikkel frå 1979 i Rolling Stone, refererte Mikal Gilmore til Humphreys som «raison d'être» eller «føremålet» med heile albumet.[8]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4/5 stars[5]
Chicago Tribune4/4 stars[9]
Christgau's Record GuideB+[10]
Encyclopedia of Popular Music4/5 stars[11]
The Rolling Stone Album Guide3/5 stars[12]
Spin3.5/5 stars[13]
Spin Alternative Record Guide7/10[14]
The Village VoiceB[15]

Street Hassle vart møtt med stort sett positive meldingar. Rolling Stone-skribenten Tom Carson, som kalla albumet «glimrande» og «ei vedkjenning om fiasko som vert ein fantastisk, glødande triumf - det beste soloalbumet Lou Reed nokon gong har gjort.»[16] Robert Christgau i The Village Voice var meir lunken til albumet og meinte at«trass i styrken i mykje av materialet, er produksjonen grumsete og kynismen er uinteressant, og sjølvreferansane er tenar seg sjølv.»[15] I ei seinare melding for AllMusic, skreiv Mark Deming at sjølv om «tida har sett lys på feila på albumet», var Street Hassle «framleis blant dei mest kraftfulle og overtydande albuma Reed gav ut i 1970-åra, og for personleg og påverkande til å ignorerast.»[5]

Alle songar er skrivne av Lou Reed.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Gimmie Some Good Times»3:15
2.«Dirt»4:43
3.«Street Hassle»10:53
Side to
Nr.TittelLengd
4.«I Wanna Be Black»2:55
5.«Real Good Time Together»3:21
6.«Shooting Star»3:11
7.«Leave Me Alone»4:44
8.«Wait»3:13

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget til Street Hassle.[17]

  • Lou Reed – gitar, bassgitar, piano, vokal
  • Stuart Heinrich – gitar på «Street Hassle», korvokal på «Leave Me Alone»
  • Michael Fonfara – piano på «I Wanna Be Black» og «Shooting Star»
  • Marty Fogel – saksofon
  • Steve Friedman – bassgitar på «Leave Me Alone»
  • Jeffrey Ross – sologitar, korvokal på konsertopptaka (står ikkje i plateomslaget)
  • Michael Suchorsky – trommer
  • Aram Schefrin – strykearrangement
  • Genya Ravan – korvokal
  • Jo'Anna Kameron – korvokal
  • Angela Howard – korvokal
  • Christine Wiltshire – korvokal
  • Bruce Springsteen – talte ord på «Street Hassle: Slipaway» (står ikkje i plateomslaget)

Produksjon

  • Lou Reed – plateprodusent; miksing
  • Richard Robinson – produsent
  • Rod O'Brien – lydteknikar; miksing
  • Manfred Schunke – lydteknikar på konsertopptaka
  • Heiner Friesz – lydteknikar på konsertopptaka
  • Gray Russell – assisterande lydteknikar
  • Gregg Caruso – assisterande lydteknikar
  • Ted Jensen – mastering i Sterling Sound

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1978) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[18] 24
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[19] 9
US Billboard 200[20] 89
  1. 1,0 1,1 Billboard Magazine article: "Arista has 1st Stereo/Binaural Disk.
  2. 2,0 2,1 Love, Damien (October 2016). «BABE, I’M ON FIRE: THE MAKING OF LOU REED’S STREET HASSLE». Uncut. Henta 23. desember 2020 – via damienlove.com. 
  3. Basham, Peter (2005). POCKET ESSENTIALS. Harpenden, England: Oldcastle Books. s. 70. Henta 23. desember 2020. 
  4. Luerssen, John (2012). Bruce Springsteen FAQ All Thats Left to Know About the Boss. Milwaukee, Wisconsin: Backbeat Books. s. 168. Henta 22. desember 2020. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Deming, Mark. «Street Hassle – Lou Reed». AllMusic. Henta 28. mars 2022. 
  6. Kilgannon, Corey (3. juli 2018). «Dead of AIDS and Forgotten in Potter's Field». The New York Times. Henta 5. april 2022. 
  7. DeCurtis, Anthony (2017). Lou Reed: A Life. Little, Brown and Company. ISBN 9780316552424. 
  8. Gilmore, Mikal (22. mars 1979). «Lou Reed's Heart of Darkness». Rolling Stone: 20. 
  9. Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-Breaking Music». Chicago Tribune. Henta 31. mars 2022. 
  10. Christgau, Robert (1981). «R». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor and Fields. ISBN 0-89919-026-X. Henta 28. mars 2022 – via robertchristgau.com. 
  11. Larkin, Colin (2011). «Reed, Lou». The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0-85712-595-8. 
  12. Hull, Tom (2004). «Lou Reed». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 684–85. ISBN 0-7432-0169-8. 
  13. Marchese, David (November 2009). «Discography: Lou Reed». Spin 24 (11): 67. Henta 29. mars 2022. 
  14. Strauss, Neil (1995). «Lou Reed». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 325–27. ISBN 0-679-75574-8. 
  15. 15,0 15,1 Christgau, Robert (29. mai 1978). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice. Henta 28. mars 2022. 
  16. Carson, Tom (6. april 1978). «Street Hassle». Rolling Stone. Henta 5. april 2022. 
  17. Street Hassle (CD booklet). Lou Reed. Arista Records. 1978. 
  18. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 249. ISBN 0-646-11917-6. 
  19. "Lou Reed – Street Hassle". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 25. oktober 2020.
  20. "Lou Reed Album & Song Chart History" Billboard 200 for Lou Reed. Prometheus Global Media. Henta 25. oktober 2020.