Stuart Pearson
Stuart Pearson | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 21. juni 1949 (75 år) Kingston upon Hull |
Idrett | fotball |
Stuart James Pearson (fødd 21. juni 1949) er ein engelsk tidlegare fotballspelar. Han var ein senterløpar av den britiske typen, kjend for sine år i Manchester United og sidan West Ham United.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Pearson skreiv kontrakt med 2. divisjonslaget Hull City i 1968, slo gjennom i 1971. Sommaren 1974 vart han, mot 200 000 pund, overført til Manchester United. Han spelte to FA-cupfinalar for laget frå Manchester, i 1976 vart det eit overraskande tap mot Southampton FC. Våren 1977 sigra derimot Pearson og lagkameratane i FA-finalen med 2–1 over eit sterkt Liverpool FC, ein kamp der Pearson skåra det fyrste målet. Etter å ha vore kneskada i lang tid, gjekk turen vidare til West Ham før sesongstart i august 1979. Under FA-cupfinalen 1980 la Pearson inn ein krossball som Trevor Brooking nikka inn i Arsenal-målet. Dermed kunne Pearson, så vel som Brooking, heve FA-cuptrofeet for andre gong i deira fotballiv. Kneskaden førte til at Pearson la opp i 1982.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Pearson deltok i 15 landskampar i tida frå 8. mai 1976 til 16. mai 1978. Han skåra 5 mål for England.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av FA-cupen: 1977 for Manchester United og 1980 for West Ham United
- Finalist i FA-cupen: 1976 for Manchester United
- Finalist i den engelske ligacupen: 1981 for West Ham United
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «Stuart Pearson» frå Wikipedia på engelsk, den 13. april 2022.