Tana kommune
- For elva kommunen har fått namn etter, sjå Tanaelva.
Tana kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Finnmark | ||
Adm.senter | Tana bru | ||
Areal | 4 051,35 km² | ||
• land | 3 893,13 km² | ||
• vatn | 158,22 km² | ||
Folketal | 2 807 (1. januar 2024) | ||
Målform | bokmål | ||
Norsk målform | bokmål | ||
Samisk språk | nordsamisk | ||
Ordførar | Jon Erland Balto[1] (Sp) | ||
Kommunenr. | 5628 | ||
Tana kommune 70°11′47″N 28°11′12″E / 70.196388888889°N 28.186669444444°E | |||
Kart som viser Tana kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Tana | |||
Nettstad: www.tana.kommune.no |
Tana (nordsamisk Deatnu, offisielt Tana kommune/Deanu gielda) er ein kommune i Finnmark fylke. Han grensar til kommunane Gamvik og Berlevåg i nord, Nesseby i aust, Karasjok i sør, Porsanger og Lebesby i vest, og er eit geografisk og kommunikasjonsmessig knutepunkt i Aust-Finnmark. Tana grensar også til den finske kommunen Utsjoki. Utsjoki ligg sør for Polmak og aust for Tanaelva.
Ein kan passera grensa ved Polmak eller over Samelandsbrua mellom Roavvegieddi og bygda Utsjok.
Dei viktigaste næringane i Tana er jordbruk, reindrift, bergverk, bygg/anlegg og tenesteyting. Tana er ein trespråkleg kommune der ein snakkar norsk, nordsamisk og finsk. Kommunen har fått namn etter Tanaelva, som på samisk heiter Deatnu og på finsk Teno (Storelva). Tanafjorden har òg fått namn etter elva.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Eidet mellom Tanaelva og Karlebotnmyrene ved Gollevárri er sperra av det største fangstsystemet for villrein i Noreg. Anlegget har 530 fallgraver.[2]
Kommunen blei skipa i 1837 i samband med at Formannskapslovene tredde i kraft. Fram til 1914 omfatta kommunen også Gamvik og Berlevåg. 1. januar 1964 blei nabokommunen Polmak kommune del av Tana.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Fjordar i kommunen er mellom anna Leirpollen og Tanafjorden.
Stangnestind er den høgaste toppen på Varangerhalvøya, på 724 moh.[3]
I bygda Austertana ligg den lengste sandstranda i Noreg.[3]
Folketalsutvikling
[endre | endre wikiteksten]Folketalsutvikling for noverande Tana kommune frå 1920:
1.12.1920[4] | 1.12.1930[5] | 3.12.1946[5] | 1.1.1951[6][7] | 1.1.1961[6][7] | 1.1.1971[6] | 1.1.1981[6] | 1.1.1991[6] | 1.1.2001[6] | 1.1.2010[6] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
2010 | 2453 | 2906 | 3041 | 3285 | 3111 | 3331 | 3232 | 3044 | 2912 |
Tettstad i kommunen
[endre | endre wikiteksten]- Tana bru - 743 innbyggjarar per 1. januar 2023
Kjende tanaværingar
[endre | endre wikiteksten]- Reidar Hirsti (1925–2001), redaktør og politikar, frå Bonakas[8]
- Aage Solbakk (f. 1943), historikar (Båteng)
- Martin Schanche (f. 1945), rallycrosskjørar, voks opp i Leirpollskogen
- Ande Somby (f. 1958), jurist, joikar
- Frank Ingilæ (f. 1967), ordførar (Ap) i Tana kommune
- Hanne Ørstavik (f. 1969), forfattar
- Mona Solbakk, (f. 1971), journalist (Båteng)
- Helga Pedersen (f. 1973), fiskeri- og kystminister 2005–2009
- Kristin Størmer Steira (f. 1981), skiløpar
- Márjá-Liissá Partapuoli (f. 1990), politikar,[9] duodji-utøvar
- Ella Marie Hætta Isaksen (f. 1998), musikar
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Ny ordfører i Tana kommune». NRK (på norsk bokmål). 12. oktober 2023. Henta 24. november 2023.
- ↑ Svein Askheim m. fleire. Tana. Store norske leksikon. Vitja 9. juli 2020
- ↑ 3,0 3,1 Askheim, Svein: Austertana i Store Norske Leksikon, 18. mars 2020
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Tana 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 7,0 7,1 Folkemengd i Polmak 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ «Samling av innspill til veinavn innkommet gjennom høring 2008 - 2009» (PDF). Deanu gielda – Tana kommune, Utviklingsavdelingen. 5. mars 2009. «Reidar Hirsti [...] Født i Bonakas.»
- ↑ Márjá-Liissá Partapuoli Arkivert 2019-03-06 ved Wayback Machine. - Sametinget. Henta 3. mars 2019.