Tangen kyrkje i Stange
Tangen kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Stange | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Hamar | ||
Prosti | Hamar domprosti | ||
Sokn | Tangen i Stange | ||
Fellesråd | Stange | ||
Type | åttekant | ||
Arkitekt | Christian H. Grosch | ||
Teknikk | tømra | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1861 | ||
Skip | åttekant | ||
Sitjeplassar | 450 | ||
Tangen kyrkje 60°37′04″N 11°15′52″E / 60.61777778°N 11.26444444°E | |||
Wikimedia Commons: Tangen kirke, Stange |
Tangen kyrkje er ei åttekantkyrkje frå 1861 på Tangen i Stange kommune i Innlandet.
Ved kongeleg resolusjon 23. mars 1857 vart Tangen sokn oppretta og fekk namnet på den garden der kyrkja ligg. Prost Paul Winsnes innvigde kyrkja 9. august 1861.[1]
Byggverket er i tømmer og har 450 plassar[2] (Muri oppgir 300 plassar[3]). Storleiken vart planlagt etter kyrkjelova av 1851.[4]
Bygget har stavkyrkjepreg,[2] og har ein regulær åttekantet sentralplan med tilbygg for kor og våpenhus. Det var formannskapet sjølv som ønskte eit åttekanta bygg. Den midtre delen av taket er løfta til en kuppelaktig krone støtta av åtte søyler - søylene gir interiøret eit stavkyrkjepreg og krona minner om avsatsane i stavkyrkjenes eksteriør.[4] Krona har vindauge som gir overlys og toppen av krona står ein takryttar.[1] Vindauga er avslutt med litt stumpe bjelkevinklar. Grosch brukte element både fra stavkyrkjer og frå gotikk. Elementa frå gotikken er innarbeida på same måte som i Trefoldighetskyrkja i Oslo.[4] Somaren 2008 byrja restaureringsarbeid på bygget og 25. september 2011 blei kyrkja innvigd med ei jubileumsgudstjeneste.
Kirsten Flagstad heldt en konsert pro bono til inntekt for orgel.[4] Orgelet blei satt inn i 1960. Døypefonten er av granitt.[2]
Kyrkja fekk gravkapell i 1899. Eivind Groven og Ingeborg Refling Hagen er gravlagde ved kyrkja. Grovens grav er utsmykka med glassmosaikk av Inger Kvarving. Hagens grav har ein Kristus-statuett Gunnar Janson.
-
Altartavle
Foto: Domkirkeoddens fotoarkiv
-
Interiør
Foto: Domkirkeoddens fotoarkiv
-
Orgelgalleri
Foto: Domkirkeoddens fotoarkiv
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Tangen kirke 125 år 1861-1986. Tangen menighetsråd, 1986.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Vanebo forlag. s. 644. ISBN 82-7527-022-7.
- ↑ Muri, Sigurd (1971). Norske kyrkjer. Samlaget.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 Tangen kirke 1861-1961. Tangen menighetsråd, 1961.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002). Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 126-129. ISBN 82-91399-11-5.
- «Tangen kyrkje i Stange». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
- Stange kommune: Tangen kirke Arkivert 2015-06-11 ved Wayback Machine.
- Tangen kyrkje i Stange i kulturminnesok.no, nettstaden til RiksantikvarenDenne kyrkjeartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.