Hopp til innhald

The Fame

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Fame
Studioalbum av Lady Gaga
Språk engelsk
Utgjeve 19. august 2008
Innspelt Januar- mai 2008; Record Plant, Chalice Recording Studios, 150 Studios, Cherrytree Recording Studios, 333 Studios, Poe Boy Studios
Sjanger Pop, elektronisk, dance
Lengd 50.21
Selskap Interscope, Streamline, Kon Live, Cherrytree
Produsent RedOne, Rob Fusari, Martin Kierszenbaum, Space Cowboy, Brian Kierulf, Josh Schwartz
Kritikk
Lady Gaga-kronologi 
The Fame The Fame Monster
(2009)


The Fame er debutalbumet til den USA-amerikanske musikaren Lady Gaga, utgjeve 19. august 2008 av Interscope Records. Musikkstilen hentar inspirasjon frå 80-tals elektropop og synthpop, og blandar inn element frå dansemusikk.

Dei to første singlane frå The Fame, «Just Dance» og «Poker Face» vart begge internasjonale slagerar i 2008. Andre singlar frå albumet femner «Eh, Eh (Nothing Else I Can Say)», «LoveGame», og «Paparazzi». Gaga fremja albumet sitt ved å opptre live, mellom anna gjennom turneen The Fame Ball Tour. The Fame følgjer med som ei bonusplate på deluxe-utgåva av det andre studioalbumet til Gaga, The Fame Monster.

Albumet har for det meste fått positive kritikkar, og gjekk inn som nummer 1 på topplistene i land som Storbritannia, Irland, Tyskland, Austerrike, Sveits og Canada. På verdsbasis har albumet selt over 12 millionar eksemplar.[1]

Nr.TittelLengd
1.«Just Dance» (feat. Colby O'Donis)4:04
2.«LoveGame»3:35
3.«Paparazzi»3:28
4.«Beautiful, Dirty, Rich»2:54
5.«Eh, Eh (Nothing Else I Can Say)»2:56
6.«Poker Face»3:59
7.«The Fame»3:44
8.«Money Honey»3:08
9.«Again Again»3:24
10.«Boys Boys Boys»3:22
11.«Brown Eyes»4:05
12.«Summerboy»4:16
13.«I Like It Rough»3:22

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]

Musikkmedverkande

Produskjonsmedverkande
  • Calvin "Sci-Fidelty" Gaines – programmering, bassgitar
  • RedOne – produksjon, instrument, programmering, opptak, støttevokal, ko-utøvande produsent
  • Space Cowboy – produksjon, vokal
  • Vincent Herbert – utøvande produsent, A&R
  • Joshua M. Schwartz – produksjon, arrangement
  • Vicki Boyd – A&R koordinator
  • Martin Kierszenbaum – produksjon, A&R
  • Brian Kierulf – produksjon, arrangement
  • Lisa Einhorn-Gilder – produksjonskoordinator
  • Robert Orton – miksing
  • Tony Ugval – teknikar
  • Rob Fusari – produksjon, ko-utøvande produsent
  • Gene Grimaldi – mastering
  • Dave Russell – teknikar

Andre medverkande
  • Pieter Henket – fotografi
  • Dyana Kass – marknadsdirektør
  • Leah Landon – forretningsførar
  • Candice Lawler – fotografi
  • Jennifer Paola – A&R-administrator
  • Andrea Ruffalo – A&R-koordinator
  • Warwick Saint – fotografi
  • Liam Ward – design
  • Troy Carter – forretningsførar


  1. «Lady Gaga Opens Up». CBS News. Henta 18. august 2010.