The Memphis Horns
The Memphis Horns er ei amerikansk blåserekkje som spelte på mange innspelingar på Stax Records. Dei har blitt kalla «kan hende den beste soul-blåserekkja nokon gong».[1] Opphavleg var gruppa ein sekstett, men vart gradvis færre og til slutt ein duo, Wayne Jackson på trompet og Andrew Love[2] på tenorsaksofon.
The Memphis Horns spelte for artistar som Isaac Hayes, Otis Redding, Rufus Thomas, Sam and Dave og mange andre på Stax, i tillegg til The Doobie Brothers sitt What Were Once Vices Are Now Habits og U2 sitt Rattle and Hum, i tillegg til nokre få soloalbum.
I 1970-åra spelte dei med Al Green, Neil Diamond, Elvis Presley, Don Harrison Band og Stephen Stills. Dei turnerte med Stills i 1971. I 1980-åra spelte dei for mellom andre Sting og Peter Gabriel.
I 2012 fekk Memphis Horns Grammy sin ærespris.[3]
Medlemmar
[endre | endre wikiteksten]- Wayne Jackson - trompet
- Andrew Love - tenorsaksofon
- Floyd Newman – barytonsaksofon
- Lewis Collins - saksofon, fløyte
- Jack Hale - trombone
- Jack Hale, Jr. - trompet, valthorn,
- Ed Logan - tenorsaksofon
- James Mitchell - barytonsaksofon
- Ben Cauley - trompet
- Roger Hopps - trompet
- Joe Arnold - saksofon
- Calvin Caples - barytonsaksofon
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- The Memphis Horns (1970)
- Horns For Everything (1972)
- High On Music(1976)
- Get Up and Dance(1977)
- The Memphis Horns Band II (1978)
- Welcome To Memphis (1979)
- Flame Out (1992)
- The Memphis Horns With Special Guests (1995)
- Wishing You A Merry Christmas (1996)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Memphis Horns» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ *Wynn, Ron. The Memphis Horns på Allmusic. Henta 2012-04-23.
- ↑ http://themusicsover.com/2012/04/12/andrew-love/
- ↑ http://www.grammy.com/news/lifetime-achievement-award-the-memphis-horns