Theobroma
- For byen i Brasil, sjå Theobroma i Rondônia.
Theobroma | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Kattostordenen Malvales |
Familie: | Kattostfamilien Malvaceae |
Underfamilie: | Byttnerioideae |
Stamme: | Theobromateae |
Slekt: | Theobroma L., 1753 |
Theobroma er ei planteslekt in kattostfamilien, Malvaceae, tidvis klassifisert som medlem av Sterculiaceae. Slekta omfattar rundt 20 artar av små tre som veks i underskogen i tropisk skog i Sentral- og Sør-Amerika. Slektsnamnet er avleidd frå gresk θεός (theos), som tyder 'gud', og βρῶμα (broma), som tyder 'food'.[1] Ein aktiv ingrediens i kakao, theobromin, har namn etter slekta.
Kakaoplanten (Theobroma cacao) er den best kjende arten i slekta, og blir brukt til å laga sjokolade. Cupuaçu (Theobroma grandiflorum) og mocambo (Theobroma bicolor) har også ei viss økonomisk tyding.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Fleire artar i Theobroma har etande frø, der kakao, cupuaçu og mocambo er dei best kjende. Kakao er kommersielt viktig som kjelde til kakaopulver og sjokolade.
Theobroma-artar blir brukt som matkjelde av larvar frå nokre møllar i slekta Endoclita, mellom dei E. chalybeatus, E. damor, E. hosei og E. sericeus. Larvane til ein annan møll, Hypercompe muzina, lever berre av Theobroma cacao.
Artar i utval
[endre | endre wikiteksten]- Theobroma angustifolium DC.
- Theobroma bicolor Humb. & Bonpl. – mocambo
- Theobroma cacao L. – cacao
- Theobroma canumanense Pires & Froes ex Cuatrec.
- Theobroma grandiflorum (Willd. ex Spreng.) K.Schum. – cupuaçu
- Theobroma mammosum Cuatrec. & Léon
- Theobroma microcarpum Mart.
- Theobroma obovatum Klotzsch ex Bernoulli
- Theobroma simiarum Donn.Sm.
- Theobroma speciosum Willd. ex Spreng. – cacaui
- Theobroma stipulatum Cuatrec.
- Theobroma subincanum Mart.
- Theobroma sylvestre Mart.[2]
Tidlegare rekna til slekta
[endre | endre wikiteksten]- Abroma augustum (L.) L.f. (as T. augustum L.)
- Guazuma ulmifolia Lam. (as T. guazuma L.)
- Herrania albiflora Goudot (as T. albiflorum (Goudot) De Wild.)
- Herrania mariae (Mart.) Decne. ex Goudot (as T. mariae (Mart.) K. Schum.)
- Herrania purpurea (Pittier) R. E. Schult. (as T. purpureum Pittier)[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Perseus Greek Dictionary
- ↑ 2,0 2,1 «GRIN Species Records of Theobroma». Germplasm Resources Information Network. United States Department of Agriculture. Henta 9. desember 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Theobroma» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]