Tore Hay
Utsjånad
Tore Hay | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. juni 1947 (77 år) |
Yrke | romanforfattar |
Tore Hay (fødd 6. juni 1947)[1] er ein norsk forfattar.
Hay voks opp på eit småbruk på Andørja i Ibestad kommune i Sør-Troms. Han tok lærarutdanning i Oslo. Han har sidan publisert noveller i antologiar, og han har samla og omsett forteljingar frå Vest-Afrika. Han har jobba for Kirkens Nødhjelp i Mali i to år.[2] Tore Hay har vore leiar av Nordnorsk forfatterlag og arbeidd som lærar på Skånland videregående skole og.[2]
Hay debuterte i 1987 med romanen Først og frekkast.
Først og frekkast er skrive på ein nynorsknær tromsdialekt, det same gjeld også Kaffekrus med skår.
Bibliografi
[endre | endre wikiteksten]- Først og frekkast : fra måselovens epoke – roman (1987) (dialekt) nb.no
- Bygger'n : en roman for menn – roman (2004)
- Kaffekrus med skår – roman (2019) [3] (dialekt)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Referansar
- ↑ ««Tore Hay»». forfatterkatalogen.no. Henta 25. april 2012.
- ↑ 2,0 2,1 ««Tore Hay»». Nettstaden til NRK. 11. november 2004. Henta 25. april 2012.
- ↑ ««Forfattermøte og bokpresentasjon med forfatter Tore Hay»». Ibestad folkebibliotek. 8. desember 2018. Henta 25. januar 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Tore Hay» frå Wikipedia på bokmål, den 25. april 2012, men er utvida seinare.