Trochilinae
Trochilinae | |
Kvitstrupejuvel, Lampornis castaneoventris Foto: Joseph C Boone
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Kolibriar Trochilidae |
Underfamilie: | Trochilinae Jardine, 1833 |
Trochilinae er ein av dei seks underfamiliane som utgjer familien kolibriar. Medlemmer av Trochilinae har vore kalla typiske kolibriar og omfattar ca. 170 av alle ca. 365 kolibriartar.
Underfamilien er delt inn i tre biologiske tribus (stammar): Lampornithini («fjelljuvelar») som inneheld 18 artar, Mellisugini («bikolibriar») som inneheld 37 artar og Trochilini («smaragdar») som inneheld 114 artar.[1][2]
Fylogeni
[endre | endre wikiteksten]Kolibriane vart tidlegare delt inn i to underfamiliar, eremittane (Phaethornithinae) og ikkje-eremittar (Trochilinae). Resultata frå ein DNA-hybridiseringsstudie frå 2007 antyda at eremittane var basale for resten av familien.[3]
Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2007 fann at familien bestod av ni klader.[4] Då Edward Dickinson og James van Remsen Jr. oppdaterte Howard and Moore Complete Checklist of the Birds of the World for den 4. utgåva i 2013, delte dei kolibrifamilien inn i seks underfamiliar baserte på dei molekylære resultata og omdefinerte underfamilien Trochilinae til å innehalde tre klader, som dei plasserte i kvar sin stamme: Lampornithini («fjelljuvelar»), Mellisugini («bikolibriar»), og Trochilini («smaragdar»).[5] Ein omfattande fylogenetisk studie som tok prøver av 284 kolibriartar vart publiserte i 2014. Den stadfesta dei ni kladene som vart funne i den tidlegare studien, men fann at eremittane var søsterklade til topaskladen (i underfamilien Florisuginae) som inneheld slektene Topaza og Florisuga. Mange av dei tradisjonelle slektene i smaragdkladen (Trochilini) vart viste å vere polyfyletiske.[1] Som eit resultat har mange av slektene i denne delen av treet vorte reviderte.[2][6]
Kladogram for kolibrifamilien:
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Inndelinga i kladogrammet er etter McGuire et al, 2014.[1] Namna på biologiske tribus (stammar) «bikolibriar», «smaragdar», «fjelljuvelar» osb. er omsett frå engelsk (Topazes, Hermits, Mangoes, Brilliants, Coquettes, Mountain Gems, Bees, Emeralds), og er brukte av mellom anna Licona-Vera and Ornelas, 2017.[7] |
Oversyn over slekter
[endre | endre wikiteksten]Liste over biologiske slekter i Trochilinae i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[8] Utvalet av slekter og namn på stammar og tribus er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.[9]
Stamme Lampornithini, «fjelljuvelar», 18 artar
- Slekt Sternoclyta, Skjoldkolibri, Sternoclyta cyanopectus
- Slekt Hylonympha, Saksekolibri, Hylonympha macrocerca
- Slekt Eugenes, 2 artar
- Slekt Panterpe, Eldstrupekolibri, Panterpe insignis
- Slekt Heliomaster, 4 artar
- Slekt Lampornis, 8 artar
- Slekt Lamprolaima, Granatkolibri, Lamprolaima rhami
Stamme Mellisugini, «bikolibriar», 37 artar
- Slekt Calliphlox, Ametystkolibri, Calliphlox amethystina
- Slekt Myrtis, Turkiskinnkolibri, Myrtis fanny
- Slekt Rhodopis, Vesperkolibri, Rhodopis vesper
- Slekt Myrmia, Stumpstjertkolibri, Myrmia micrura
- Slekt Thaumastura, Pinsettkolibri, Thaumastura cora
- Slekt Philodice, 2 artar
- Slekt Eulidia, Aricakolibri, Eulidia yarrellii
- Slekt Microstilbon, Smalhalekolibri, Microstilbon burmeisteri
- Slekt Chaetocercus, 6 artar
- Slekt Tilmatura, Signalhalekolibri, Tilmatura dupontii
- Slekt Doricha, 2 artar
- Slekt Calothorax, 2 artar
- Slekt Archilochus, 2 artar
- Slekt Mellisuga, 2 artar
- Slekt Nesophlox, 2 artar
- Slekt Calypte, 2 artar
- Slekt Selasphorus, 9 artar
Stamme Trochilini, «smaragdar», 114 artar
- Slekt Phaeoptila, Dunkelkolibri, Phaeoptila sordida
- Slekt Riccordia, 4 artar
- Slekt Cynanthus, 6 artar
- Slekt Chlorostilbon, 10 artar
- Slekt Basilinna, 2 artar
- Slekt Pampa, 3 artar
- Slekt Abeillia, Smaragdstrupekolibri, Abeillia abeillei
- Slekt Klais, Fioletthovudkolibri, Klais guimeti
- Slekt Orthorhyncus, Toppkolibri, Orthorhyncus cristatus
- Slekt Anthocephala, 2 artar
- Slekt Stephanoxis, 2 artar
- Slekt Campylopterus, 10 artar
- Slekt Chalybura, 2 artar
- Slekt Thalurania, 4 artar
- Slekt Microchera, 3 artar
- Slekt Goldmania, 2 artar
- Slekt Eupherusa, 5 artar
- Slekt Phaeochroa, Skjelbrystkolibri, Phaeochroa cuvierii
- Slekt Leucippus, Ferskenkolibri, Leucippus fallax
- Slekt Thaumasius, 2 artar
- Slekt Taphrospilus, Ertekolibri, Taphrospilus hypostictus
- Slekt Eupetomena, 2 artar
- Slekt Talaphorus, Olivenkolibri, Talaphorus chlorocercus
- Slekt Trochilus, 2 artar
- Slekt Ramosomyia, 3 artar
- Slekt Saucerottia, 11 artar
- Slekt Amazilia, 5 artar
- Slekt Amazilis, Amaziliakolibri, Amazilis amazilia
- Slekt Uranomitra, Andeskolibri, Uranomitra franciae
- Slekt Chrysuronia, 9 artar
- Slekt Leucochloris, Kvitstrupekolibri, Leucochloris albicollis
- Slekt Chionomesa, 2 artar
- Slekt Hylocharis, 2 artar
- Slekt Elliotomyia, 2 artar
- Slekt Polyerata, 3 artar
- Slekt Chlorestes, 5 artar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen inneheld omsett tekst frå «Trochilinae» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2023
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 McGuire, J.; Witt, C.; Remsen, J.V.; Corl, A.; Rabosky, D.; Altshuler, D.; Dudley, R. (2014). «Molecular phylogenetics and the diversification of hummingbirds». Current Biology 24 (8): 910–916. PMID 24704078. doi:10.1016/j.cub.2014.03.016.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 15. april 2023.
- ↑ Bleiweiss, R.; Kirsch, J.A.; Matheus, J.C. (1997). «DNA hybridization evidence for the principal lineages of hummingbirds (Aves:Trochilidae)». Molecular Biology and Evolution 14 (3): 325–343. PMID 9066799. doi:10.1093/oxfordjournals.molbev.a025767.
- ↑ McGuire, J.A.; Witt, C.C.; Altshuler, D.L.; Remsen, J.V. (2007). «Phylogenetic systematics and biogeography of hummingbirds: Bayesian and maximum likelihood analyses of partitioned data and selection of an appropriate partitioning strategy». Systematic Biology 56 (5): 837–856. PMID 17934998. doi:10.1080/10635150701656360.
- ↑ Dickinson, E.C.; Remsen, J.V. Jr., red. (2013). The Howard & Moore Complete Checklist of the Birds of the World. 1: Non-passerines (4th utg.). Eastbourne, UK: Aves Press. ISBN 978-0-9568611-0-8.
- ↑ Stiles, F.G.; Remsen, J.V. Jr.; Mcguire, J.A. (2017). «The generic classification of the Trochilini (Aves: Trochilidae): Reconciling taxonomy with phylogeny». Zootaxa 4353 (3): 401–424. PMID 29245495. doi:10.11646/zootaxa.4353.3.
- ↑ Licona-Vera and Ornelas (2017). «The conquering of North America: dated phylogenetic and biogeographic inference of migratory behavior in bee hummingbirds». BMC Evolutionary Biology 17 (126). doi:10.1186/s12862-017-0980-5.
- ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 15. april 2023.
- ↑ «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 15. april 2023.