Hopp til innhald

Vincenzo Cantiello

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vincenzo Cantiello

Fødd25. august 2000
FødestadSant'Arpino i Italia
FødenamnVincenzo Cantiello
OpphavItalia
Aktiv2009-
SjangerPop
Soul
InstrumentVokal
Verka somsongar

Vincenzo Cantiello (fødd 25. august 2000 i Sant'Arpino) er ein italiensk songar.[1]

Eurovision

[endre | endre wikiteksten]

Junior Eurovision Song Contest 2014

[endre | endre wikiteksten]

Cantiello vart vald internt av Radiotelevisione italiana til å representere Italia i Junior Eurovision Song Contest 2014 i MarsaMalta.[1] Han framførte songen «Tu primo grande amore» på italiensk og engelsk, og vann med 159 poeng; tolv frå barnejuryen, San Marino, Slovenia og Montenegro, ti frå Bulgaria, Kroatia, Kypros, Georgia, Ukraina og Malta, åtte frå Armenia, Serbia og Nederland, sju frå Sverige, seks frå Russland og to frå Kviterussland.[2][3] Songen er skriven av Alterisio Paoletti, Fabrizio Berlincioni, Leonardo de Amicis, Vincenzo Cantiello og Francesca Giuliano.[2]

Dette var fyrste gong Italia deltok i Junior Eurovision Song Contest, og fyrste gong eit land har vunne tevlinga same år som det debuterte.[3] Cantiello sørga òg for Italia sin fyrste siger i ein Eurovision-tevling siden Eurovision Song Contest 1990.

  1. 1,0 1,1 «Italy names Vincenzo Cantiello as representativ» (på engelsk). Junioreurovision.tv. 26. september 2014. Henta 28. november 2014. 
  2. 2,0 2,1 «About Vincenzo Cantiello» (på engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 28. november 2014. 
  3. 3,0 3,1 «Italy wins Junior Eurovision Song Contest 2014» (på engelsk). Eurovision.tv. 15. november 2014. Henta 28. november 2014.