Wolfram von Eschenbach
Wolfram von Eschenbach | |
Statsborgarskap | Det tysk-romerske riket |
Fødd | 1170 Wolframs-Eschenbach, Eschenbach i St. Gallen |
Død |
1220 (50 år) |
Yrke | lyrikar, komponist, minnesanger, riddar, songar, skribent |
Sjanger | Riddarroman |
Wolfram von Eschenbach på Commons |
Wolfram von Eschenbach (fødd kring 1170, død kring 1220) var ein tysk riddar og poet, og vert rekna som ein av dei største episke diktarane i mellomalderen ved sidan av Hartmann von Aue og Gottfried von Strassburg. Som minnesongar skreiv han òg lyrisk poesi.
Svært lite er kjent om livet til Wolfram. Av namnet hans har ein slutta seg til at han vart fødd i Eschenbach i nærleiken av Ansbach, og det er kjent at han virkte ved fleire hoff i løpet av livet sitt.
I dag er han først og fremst kjent for Parzival, av mange rekna som det fremste episke verket frå denne tida. Det er det eldste verna verket på tysk som omhandlar den heilage gralen og dessutan den eldste verna fullstendige gralsfortellinga i det heile, og einskilde trur at Wolfram har henta mykje av historia i skildringa frå Chrétien de Troyes sin Comte del Graal. Wolfram oppgjev likevel den heilt ukjende poeten Kyot frå Provence som ei viktig kjelde. Helten i verket blir kalla Parzival, eller Parsifal på norsk.
Verk
[endre | endre wikiteksten]Parzival | omkring 1200-1210 |
Willehalm | omkring 1212-1217 |
Titurel | omkring 1217 |
Mange songar |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wolfram von Eschenbach» frå Wikipedia på bokmål, den 24. desember 2010.