FolkOrg er ein interesseorganisasjon for folkemusikk og folkedans i Noreg. FolkOrg er ein samanslutning av tidlegare Landslaget for Spelemenn (stifta i 1923) og Norsk Folkemusikk- og Danselag (stifta 1987). FolkOrg vart stifta i 2009.

FolkOrg har som formål «å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrke deira rolle og vilkår i samfunnet».

FolkOrg har om lag 5000 einskildmedlemmer og 150 lokale spelemannslag eller spelar- og dansarlag. Organisasjonen er livssynsnøytral og partipolitisk uavhengig og har ope medlemskap.

Verksemd

FolkOrg har ei omfattande verksemd. Dei eig og driv bladet Folkemusikk (tidlegare Spelemannsbladet). Deira største arrangement er den årlege Landskappleiken og den årlege Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Dei står òg bak Folkelarm, eit årleg bransjetreff for folkemusikk og verdsmusikk, der prisen Årets folkemusiker vert delt ut. Tidlegare ga organisasjonen ut Årbok for norsk folkemusikk.

I 2023 markerte FolkOrg sitt 100-årsjubileum.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (2)

skreiv Jan Sverre Knudsen

Bør oppdateres. Legg inn lenker og nevn at Folkorg deler ut prisen årets folkemusiker.

svarte Mari Paus

Takk for kommentaren! Fagansvarlig er tipset om kommentaren. Vennlig hilsen Mari

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.