Margit Tveiten var ein norsk kvedar frå Vinje. Ho var ei viktig kjelde for balladar og annan visetradisjon i Telemark omkring førre hundreårsskiftet. Fleire folkeminne- og folkesongsamlarar har skrive opp viser etter Margit Tveiten; songen hennar er òg bevart på voksrull.
Johannes Skar var truleg den fyrste som skreiv ned viser etter henne. Seinare oppsøkte både Rikard Berge, Catharinus Elling og Eivind Groven Tveiten. Rikard Berge gjorde i 1916 fleire voksrullopptak med henne.
Av mellomalderballadar kunne ho kjende viser som Beltevisa, Hagbard og Signe, Liti Kjersti, Haugebonden, Draumkvedet, Palmen Burmannsson, Sigurd Svein og Hermod ille. Ho song også skillingsviser, bygdeviser, slåttestev og anna. Ho hadde mykje av songtradisjonen sin etter faren, Halvor Gugarden, men skal òg ha lært seg nye viser gjennom heile livet. Rikard Berge seier at «ho var den rikaste viseuppkoma i Telemarki no. […] Yvi 200 visur eller stubbar av visur og gamle stev skreiv eg upp etter henne. Dinest mykje segnir og sogur, lite av eventyr».
Mykje av songtradisjonen etter Margit Tveiten er ført vidare av barnebarnet Brita Bratland.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.