Bretonsk er eit språk som høyrer til den keltiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Bretonsk blir snakka i Bretagne i Frankrike og har i 1500 år vore det einaste keltiske språket på det europeiske fastlandet. Dei siste hundre åra har talet på dei som bruker bretonsk, gått kraftig tilbake, frå over ein million til kring 100 000.
Over 590 000 personar har ein viss kjennskap til bretonsk, men berre kring 100 000 nyttar språket til dagleg. Bretonsk har ikkje offisiell status, men er anerkjend som eit 'regionalt språk', på line med mellom anna oksitansk (langue d'oc) og korsikansk. Frankrike har signert, men ikkje ratifisert, Den europeiske pakt om regionale språk eller mindretallsspråk (STCE 148 av 1992).
Breizh er bretonsk for Bretagne. Språket heiter brezhoneg. 'Bretonsktalande' heiter brezhonegerez i hokjønn og brezhoneger i hankjønn. Den engelske kanalen heiter Mor-Breizh 'Bretagne-havet'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.