For Certain Because
For Certain Because Studio av The Hollies | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 9. desember 1966 (UK) Januar 1967 (US) | |
Innspelt | 17. november 1965 - 17. oktober 1966 i Abbey Road Studios, London | |
Sjanger | ||
Lengd | 32:24 | |
Selskap | Parlophone PMC 7011 (UK) Imperial LP-9339 (mono)/ LP-12339 (stereo) (US) | |
Produsent | Ron Richards | |
Britisk The Hollies-kronologi | ||
---|---|---|
Would You Believe? (1966) |
For Certain Because | Evolution (1967) |
Nordamerikansk The Hollies-kronologi | ||
Bus Stop (1966) |
For Certain Because | The Hollies' Greatest Hits (1967)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
For Certain Because er det femte britiske studioalbumet til The Hollies og det andre i 1966.[2][3] Dette var det første Hollies-albumet der alle songane var skrivne av medlemmane Allan Clarke, Graham Nash og Tony Hicks, og det første der dei ikkje brukte pseudonymet «Ransford». Dette var òg det første albumet deira med den nye bassisten Bernie Calvert.
For den nordamerikanske marknaden vart albumet kalla Stop! Stop! Stop! med eit anna omslag. Det kom ut i januar 1967 på grunn av den store suksessen til singelen «Stop Stop Stop». Det var det første Hollies-albumet der innhaldet var det same både i USA, Canada og Storbritannia. Det skjedde ikkje igjen før i 1970-åra. I tillegg brukte somme marknader tittelen Stop! Stop! Stop! då dei gav ut albumet, og i Storbritannia vart ei seinare utgåve av albumet kalla Stop! Stop! Stop!.[4] I 1983 gav Liberty Records i USA ut albumet som Pay You Back With Interest utan songane «Stop! Stop! Stop!» og «High Classed».
Stop! Stop! Stop! var det siste nye albumet til The Hollies for Imperial Records i USA og for Capitol Records i Canada. Det neste albumet deira, Evolution, kom ut i USA og Canada på Epic Records.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Allan Clarke, Tony Hicks og Graham Nash..
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «What’s Wrong with the Way I Live» | Clarke | 2:02 |
2. | «Pay You Back with Interest» | Clarke and Nash | 2:46 |
3. | «Tell Me to My Face» | Nash | 3:09 |
4. | «Clown» | Nash | 2:16 |
5. | «Suspicious Look in Your Eyes» | Clarke | 3:37 |
6. | «It's You» | Clarke | 2:17 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «High Classed» | Clarke | 2:21 |
8. | «Peculiar Situation» | Clarke | 2:51 |
9. | «What Went Wrong» | Clarke | 2:12 |
10. | «Crusader» | Clarke and Nash | 3:48 |
11. | «Don't Even Think About Changing» | Clarke | 2:13 |
12. | «Stop! Stop! Stop!» | Clarke | 2:58 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Allan Clarke — vokal, munnspel
- Tony Hicks — sologitar, banjo, vokal
- Graham Nash — rytmegitar, vokal
- Bobby Elliott — trommer
- Bernie Calvert — bassgitar utanom på «Don't Even Think About Changing», piano
- Eric Haydock — bassgitar på «Don't Even Think About Changing»
- Mike Vickers — orkesterarrangement på «High Classed», «What Went Wrong» og «Crusader»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «For Certain Because» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mars 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Unterberger, Richie. «Allmusic review». Allmusic.com. Henta 21. mars 2018.
- ↑ For Certain Because på Discogs (liste over utgjevingar)
- ↑ «Discography». Hollies.co.uk. 9. desember 1966. Arkivert frå originalen 13. mars 2012. Henta 21. mars 2018.
- ↑ Official Hollies information page for Stop! Stop! Stop!, arkivert frå originalen 1. mai 2012, henta 21. mars 2018